Rekordmange konkursar i april

2 weeks ago 15



2. mai 2024 kl. 08:11

Det er ein historisk høg førekomst av konkursar i april 2024.

Det viser ferske tal frå kredittføretaket Dun & Bradstreet.

Ifølge dei blei 420 bedrifter erklært konkurs. Tala viser ein markant auka på 51,1 prosent til samanlikning med april 2023, då talet konkursramma bedrifter var 278.

– Påska fell tidleg i år, som kan ha påverka tala noko. Likevel ser vi på auken som kraftig. April 2024 legg seg på same høge nivå som åra før pandemien.

Det seier Kari Mette Almskog, administrerande direktør i Dun & Bradstreet Noreg, i ei pressemelding.

Den prosentvise auken for konkursar er størst i Nordland, med ein auke på 316,7 prosent samanlikna med april året før. Men talet på konkursar er likevel beskjedent: I april 2024 var det 25 bedrifter som gjekk kokurs, mot 6 i april 2023.

Flest bedrifter blei erklært konkurs i Oslo, med 87 bedrifter. Det er ein prosentvis auke på 81,3 prosent for april 2024, samanlikna med april året før.

Read Entire Article