Åtvarar om TikTok-erstattar: – Kan vere lurt å vente

8 hours ago 5



Ekspertane er usikre om den kinesiske appen blir ei døgnfluge eller ikkje, men ber uansett brukarane vere forsiktige.

 Lars Christian Økland (TV 2) / Skjermdump: Rednote
NY PLATTFORM. Fleire norske TikTok-fjes har dukka opp på kinesiske Rednote. Til venstre er Henrik Oven og til høgre er MankeGard og Oliver Bergset. Foto: Lars Christian Økland (TV 2) / Skjermdump: Rednote

Publisert 17.01.2025 07:28

Mange amerikanarar er i desse dagar på desperat jakt etter eit TikTok-alternativ i tilfelle den populære appen blir blokkert i USA 19. januar.

Kinesiske RedNote har sigla opp som storfavoritt til å ta over, og også norske brukarar lastar ned appen over ein lav sko.

Henrik Oven, Gard Øksendal (MankeGard) og Oliver Bergset er nokre av dei norske influensarane som allereie er på plattforma.

– Det er mest av nysgjerrigheit, og det er artig å teste nye ting, seier Oven til TV 2.

Han er usikker på om RedNote faktisk blir det nye store, og meiner det kjem an på kven av dei amerikanske kjendisane som heng seg på. 

– Til no har det mest vore ei morosam og litt tullete greie. Eg har fått rundt 500 følgjarar allereie, så det er ein del som har laga seg brukar. Mange av følgjarane mine meiner TikTok ikkje kjem til å bli «banna» i USA.

– Veit ikkje kva du godtek

RedNote, eller Xiaohongshu som den kinesiske appen eigentleg heiter, har eksistert sidan 2013 og har 300 millionar brukarar.

Namnet kan omsetjast til «vesle raude bok».

I stiftinga Barnevakten.no håper dei alle tenker seg om ein ekstra gong før dei tar i bruk appen. 

– Det er ei kinesisk adresse og ein app vi veit veldig lite om, seier Kris Leslie Munthe, rådgjevar for spel og appar i Barnevakten.

Førebels er det meste av innhaldet i RedNote skrive på kinesisk, mellom anna i menyar og i første oppsettet av appen.

Munthe i Barnevakten meiner det kan vere lurt å vente til teksten kjem på engelsk. 

– Du veit ikkje heilt kva du godtek. Ver obs på kva løyver du gir appen, til dømes GPS, kontaktlister og bilete, seier han.

Influensar Oven seier han tenkte på dette då han lasta ned det «nye» sosiale nettverket. 

– RedNote oppgir at dei følgjer standard praksis for datavern, men mykje av informasjonen er på kinesisk, så det er ikkje alltid like enkelt å få oversikt.

Har ikkje trua

Det er framleis svært usikkert om TikTok blir forbode i USA frå og med sundag 19. januar. 

Anonyme kjelder seier til NBC at Biden-administrasjonen ser på moglegheita for la appen vere tilgjengeleg i landet trass i eit forbod. TikTok vil då ikkje vere mogleg å laste ned for nye brukarar eller bli oppdatert i USA.

 Barnevakten/Løtvedt Foto
ÅTVARING. Kris Leslie Munthe i Barnevakten.no seier det er kan vere gode grunnar til å vente med å laste ned «hype-appen» Rednote. Foto: Barnevakten/Løtvedt Foto

Ifølgje Washington Post prøver påtroppande president Donald Trump i første omgang utsetje forbodet med 60 til 90 dagar.

Uansett kva som skjer framover, har ikkje teknologiekspert Hans-Petter Nygård-Hansen trua på RedNote som erstatning. 

– Hypen er ofte kortvarig. Eg trur RedNote blir som veldig mange andre, rett opp og rett ned. I alle fall her i Noreg, seier Nygård-Hansen.

Også appen Lemon8, som har same eigar som TikTok, blir av fleire nemnt som ei naudhamn. Til no har ikkje Lemon8 ikkje fenga like mange som «vesle raude bok».

– Vi veit ikkje om dette er ei døgnfluge eller om det vil bli stort i Europa, når vi ikkje har TikTok-forbod eller same samtalen som i USA, seier Munthe i Barnevakten. 

Read Entire Article