Var du innstilt på vårsol når kalenderen endeleg har skifta til mars? Det kan du gløyma på ei stund om du bur på Vestlandet.
For etter at verdscuprenn i para-langrenn måtte avlysast i Midt-Noreg i helga, er det Vestlandet sin tur denne gong.
Frå måndag vil kysten oppleva kraftig vind og enorme nedbørsmengder. Meteorologane har sendt ut gult farevarsel for Vestland og Møre og Romsdal, og det er venta opp mot 60–80 mm regn på 24 timar. I indre og midtre strok kan det passera 100 mm i løpet av eit døger.
– Ei atmosfærisk elv er som ein vasslange av fuktig luft som spyler regn inn mot same område over lang tid, forklarer statsmeteorolog Pernille Borander.
Ho fortel at luftmassane er henta langt ute frå Atlanterhavet, og at dei låser seg over same område, noko som gjer at nedbøren varer lenge.
– Dette er eit fenomen me har sett før på Vestlandet, seier meteorologen – tørt.
Vestlendingane er vande med mykje regn. Her frå ekstremvêret Jakob i oktober 2024.
Foto: John Inge Johansen / NRKFlaumfare og skredfare
Dei enorme nedbørsmengdene fører til auka risiko for flaum og skred. NVE har sendt ut farevarsel for flaum fleire stader på Vestlandet.
– Når ein får så mykje regn over kort tid, og samtidig høge temperaturar som fører til snøsmelting i fjellet, blir det mykje vatn i elvane. Ein bør vere merksam på mogleg flaum og overvatn i tettbygde område, seier Borander.
Skredvarslingstenesta Varsom.no åtvarar òg mot auka skredfare. Det har allereie vore raude varseltrekantar for fleire område i Nord-Noreg. Når nedbøren kjem som regn også høgt til fjells, aukar skredfaren dramatisk.
– Det er venta at skred kan losne av seg sjølv i mange heng. Både løssnøskred og flakskred kan oppstå. Sidan det er lite snø under mildvêrsgrensa, vil skreda truleg stoppe raskare enn dei elles ville gjort, men ein må vere obs på faren, står det i varselet.
Snøgrensa stig – og tørrare frå torsdag
Snøgrensa vil svinge i takt med temperaturane denne veka.
– Måndag vil snøgrensa liggje mellom 700 og 1000 meter. Tysdag stig ho ytterlegare, men onsdag kan ho søkke litt igjen før det blir mildare på torsdag, seier Borander.
Sjølv om veka startar med kraftig nedbør, er det lysare vêr i sikte.
– Frå torsdag av ser det ut til å bli ein tørrare vêrtype for Vestlandet, så då får ein tid til å tørke opp etter den våte starten på veka, seier meteorologen.
Inntil vidare bør folk førebu seg på fleire dagar med regnklede, vassfylte vegar og auka skredfare i fjellet.
Publisert 03.03.2025, kl. 07.14 Oppdatert 03.03.2025, kl. 07.23