Ute av Meisterligaen etter straffedrama: – Du merka ei kjensle av angst

10 hours ago 10



Vitinha, Gonçalo Ramos, Ousmane Dembélé og Désiré Doué scora for PSG i straffesparkkonkurransen.

Berre Mohamed Salah gjorde det same for heimelaget Liverpool.

Darwin Núñez og Curtis Jones bomma for raudtrøyene, som dermed er ute av den gjæve klubbturneringa.

– Du merka ei kjensle av angst blant Liverpool-fansen då Núñez gjekk fram og skulle skyte, sa Stephen Warnock på BBC Radio 5.

– Liverpool føler seg nok knuste no. Dette er kveldane du lever for som fotballspelar, sa tidlegare Liverpool-spelar Daniel Sturridge på Amazon Prime si sending.

en mann i rød skjorte

UTE: Virgil van Dijk og Liverpool.

Foto: Peter Powell / Reuters / NTB

– Vi var veldig gode

Liverpool-kaptein Virgil van Dijk seier dei visste det ville bli veldig tøft då dei trekte PSG som motstandar i 1/8-finalane.

– Vi strevde i Paris, då vi vann. I dag såg vi eit veldig godt Liverpool-lag, men vi er ute av konkurransen, sjølv om eg synest vi var ganske gode, sa van Dijk til Amazon Prime.

PSG skal møte Aston Villa eller Club Brügge i kvartfinalen.

– Dei var heilt fantastiske i kveld. Ein kamp heilt på ypparste nivå. PSG var eineståande. Dei heldt på nervane i straffesparkkonkurranse, meinte Stephen Warnock.

– Begge laga fortente å gå vidare. Liverpool spelte betre enn oss i dag, men vi viste personlegdom og karakter på denne spesielle stadionen, sa PSG-trenar Luis Enrique til Amazon Prime.

Liverpool-trenar Arne Slot konkluderte ikkje heilt ulikt.

– Sist kamp mot PSG hadde vi flaks. Det hadde vi ikkje i dag. Vi spelte eigentleg ein utruleg god kamp, sa Slot.

en mann i blå trøye på en bane med et publikum som så på

AVGJORDE: Ousmane Dembélé scora på den fjerde straffa til PSG. Dermed var Liverpool ute etter å ha bomma på to av sine tre forsøk.

Foto: OLI SCARFF / AFP / NTB

Uventa trøbbel

I Premier League leiar Liverpool med heile 15 poeng på næraste utfordrar Arsenal, som rett nok har ein kamp til gode.

Også i grunnspelet i Meisterligaen var Liverpool overlegne med sju av åtte moglege sigrar.

1/8-finalen, over to kampar mot franske PSG, viste seg å bli langt tøffare.

en mann som holder hodet i hendene og en annen mann med hånden på hodet

UTE: Liverpool og manager Arne Slot.

Foto: Peter Powell / Reuters / NTB

Beraldo og Désiré Doué hadde begge gode sjansar for PSG tidleg i første ekstraomgang.

I andre ekstraomgang hadde Ousmane Dembélé ein stor sjanse som Liverpool-keeper Alisson redda fint.

Men ein dramatisk 1/8-finale i Meisterligaen måtte til slutt altså avgjerast på straffesparkkonkurranse.

to menn i sportsuniformer som spiller fotball

BERRE NESTEN: Mohamed Salah hadde to store sjansar tidleg i kampen.

Foto: Peter Powell / Reuters / NTB

Mot spelets gang

I det første oppgjeret i Paris var det PSG som skapte sjansane, men berre Liverpool som scora.

At dei elles så solide engelske ligaleiarane vann 1–0 vart rekna som svært ufortent.

I returkampen på Anfield skifta derimot laga både på å ha initiativet og å skape sjansar.

Mohamed Salah brente to sjansar tidleg.

– Han burde ha scora på begge, meinte tidlegare Liverpool-spelar Stephen Warnock på BBC Radio 5 Live si sending.

Like etter sjansane, i det 12. minutt, sende Ousmane Dembélé bortelaget i leiinga etter å ha pirka ballen i mål frå kort hald.

en person som hopper i luften

TIDLEG LEIING: Ousmane Dembélé sende PSG i leiinga.

Foto: Jon Super / AP / NTB

Liverpool tok over

Etter scoringa losna det spelemessig for PSG, som skapte fire store sjansar før pause.

Anten vart avslutningane for dårlege, eller så stod Liverpool-keeper Alisson i vegen.

Etter pause var det derimot Liverpool som tok over spelet igjen.

Før det var spelt 60 minutt hadde dei brent to store sjansar, i tillegg til ei nettkjenning frå Dominik Szoboszlai vart annullert for offside.

Liverpool hadde eit bra spelemessig overtak utover i omgangen, utan å kome til dei heilt store sjansane.

Rett nok vart det blåst for offside då Jarell Quansah heada i stonga, utan at TV-bileta gav noko godt svar på kvifor.

en fotballspiller som sparker en ball

I STORFORM: Alisson tok alt i bortemøtet med PSG sist veke, og var svært god denne gongen også.

Foto: Jon Super / AP / NTB

Skremmeskot frå «Kvaradona»

PSG skapte lite i 2. omgang.

Georgiske Khvicha Kvaratskhelia, ofte berre kalla «Kvaradona», kunne derimot ha sendt PSG til kvartfinale tre minutt før full tid.

Langskotet hans gjekk derimot like over lengste kryss.

Men det gjekk altså til ekstraomgangar og vidare til straffesparkkonkurranse.

en person i blå uniform på et jorde med andre menn i røde uniformer

BOM: Khvicha Kvaratskhelia brende ein stor sjanse i slutten av 2. omgang.

Foto: Dave Thompson / AP / NTB

Sjølv om Liverpool er ute av Meisterligaen kan dei framleis vinne to trofé i år.

Mykje rart skal skje om dei ikkje vinn Premier League, og i helga skal dei opp mot Newcastle i finalen i Ligacupen.

Publisert 11.03.2025, kl. 23.42 Oppdatert 12.03.2025, kl. 00.26

Read Entire Article