UD hentar ut diplomatar frå Libanon
– Sikkerheitssituasjonen i landet gjer at enkelte av dei norske diplomatane reiser ut for ein periode, skriv utanriksdepartetment i ei pressemelding. Dei viser til at situasjonen har forverra seg dei siste dagane med mange israelske åtak mot Beirut og FN-styrken Unifil. Ambassadøren vert verande, saman med eit fåtall diplomatar, opplyser UD, som oppmodar nordmenn som framleis er i Libanon om å dra medan det framleis er mogleg.
