Trump vil legge ned utdanningsdepartementet
USAs president Donald Trump skal torsdag signere ein presidentordre kor han vil starte prosessen med å legge ned utdanningsdepartementet. Det melder Reuters. Ordren vil la utdanningsminister Linda McMahon «ta alle naudsynte steg for å stenge utdanningsdepartementet og gi utdanningsmyndigheit tilbake til statane». Samstundes kjem det fram at medan dette skjer så skal dei halde fram å sikre «effektiv og uavbrutt levering av tenester, program og ytingar som amerikanarane er avhengige av». Å legge ned utdanningsdepartementet har vore eitt av Trump sine sentrale valløfter under presidentvalkampen.
