Trekker seg frå styret i banken

Iselin Vistekleiven frå Vågå har trekt seg frå styret i Sparebank 1 i Lom og Skjåk, det skriv banken i ei børsmelding. Ho sit på fylkestinget for Ap i Innlandet. Ifølgje børsmeldinga trekk Vistekleiven seg som følgje av den betente skulesaka i Innlandet, kor Ap på fylkesnivå har gått inn for å leggje ned fleire vidaregåande skular. Blant dei den på Lom. På Facebook har fleire truga med å skifte bank, som følgje av at Vistekleiven sit i styret. Det har også styreleiar Hans Ivar Kolden registrert, og ser at banken har blitt trekt inn i saka. – Debatten har blitt så oppheita, og folk er frustrerte og motlause, seier Kolden til NRK. Han kjenner ikkje til at folk faktisk har skifta bank som følgje av saka. Kolden seier Vistekleiven har teke dette valet på eigenhand. – Det står respekt av valet ho har gjort, når ho set banken framfor sin eigen posisjon i styret.

Oct 22, 2024 - 14:30
 0