Tekniske problem med toginfo over heile landet – feilen er retta
Problema med toginformasjon er retta klokka 08.40, opplyser Bane Nor til NRK. – Nå funkar alt som normalt, seier pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund. Bane Nor hadde tysdag morgon problem med informasjonssystemet. Og valde difor å skru av fleire informasjonstavler. Kva tog som kom på kva spor, blei i staden informert over høgtalaranlegget. – Vi må manuelt informere om endringar i sporbruk. Vi har ein feil i kommunikasjonssystemet som styrer den informasjonen. Feilen ramma heile landet, men særleg dei travlaste togstasjonane, slik som Oslo S. Feilen påverka ikkje sjølve togtrafikken, som går normalt tysdag morgon.
