Tangen held fram som oljefondsjef

Nicolai Tangen er tilsett i stilliga som sjef for oljefondet i eit nytt åremål på fem år. Det skriv Noregs Bank på sine nettsider. Tangen har vore oljefondsjef sidan september 2020. Det nye åremålet vil gjelde i fem år fram til hausten 2030. – Å jobbe med å skape verdiar for fellesskapet er det mest gjevande eg nokosinne har gjort. Eg er difor svært glad for å ha fått fornya tillit, og for å kunne sjå fram til fleire nye år saman med mine dyktige kollegaar, skriv Tangen i pressemeldinga frå sentralbanken. – Nicolai Tangen er ein erfaren leiar med djup innsikt i internasjonal kapitalforvaltning. Han har vist god gjennomføringskraft og oppnådd gode resultat som leiar gjennom fire og et halvt år. Vi er glade for at han har takka ja til et nytt åremål, skriv sentralbanksjef Ida Wolden Bache. I vinter har Tangen skapt overskrifter i både norsk og internasjonal presse på grunn av meldingar mellom han og Elon Musk. Til NRK i januar sa han at sentralbanksjefen hadde gitt han beskjed om å bli litt meir formell i stilen.

Mar 18, 2025 - 14:00
 0