Staten og Herøy kommune frifunne i babyforbyttingssaka
Både staten og Herøy kommune er frifunne i rettssaka som gjekk i Oslo tingrett førre veke. Karen Rafteseth Dokken og dei to jentene som blei forbytte på fødestova i Herøy i 1965 gjekk til sak og kravde inntil 20 millionar kroner i erstatning kvar. No må dei i staden betale sakskostnader til kommunen på nærare ein halv million kroner.
