Spørretimespørsmål fra Kjersti Toppe (Sp) til helse- og omsorgsministeren. Besvart: 19.03.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Barne- og ungdomspsykiatrien har blitt kritisert dei siste åra for å ikkje hjelpe dei barna som treng det mest. Nedbygging av sengekapasitet og at barn har blitt avvist utan vurdering, er kjente utfordringar. For eitt år sidan blei Senterpartiet og Arbeidarpartiet i regjering einige om å styrke den ambulante helsehjelpa med eigne team til barnevernsinstitusjonane. Ifølgje TV2 si kartlegging går denne satsinga veldig tregt, og viktige tiltak er ikkje på plass. Kan statsråden gjere greie for utviklinga i arbeidet med å betre helsehjelpa for barn og ungdom?
