Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kunnskapsministeren. Besvart: 27.11.2024 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun
Læreplanane i skulen er basert på kompetansemål. I Klassekampen 31. oktober hevdar 74 lærarutdannarar og skuleforskarar at dette i praksis fører til metodetvang. Elevane trenar på bestemte verb i kompetansemåla, som å «reflektera» og «drøfta», medan innhaldet kan bli tilfeldig og utan eigenverdi. Statsråden har sagt at det «å skapa felles referansepunkt for ungane våre [...] er det viktigaste oppdraget som skulen har i tillegg til læring». Korleis vil statsråden arbeida for å skapa desse felles referansepunkta?
![Spørretimespørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til kunnskapsministeren. Besvart: 27.11.2024 av kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun](https://www.stortinget.no/Personimages/PersonImages_ExtraLarge/INF_ekstrastort.jpg)