Regjeringa foreslår å auke Ukraina-støtta for 2025
Regjeringa foreslår å gi minst 30 milliardar kroner i støtte til Ukraina neste år. Det er klart etter eit møte mellom regjeringa og opposisjonen på Stortinget tysdag. – Vi ønsker at Noreg skal vere tydeleg og leiande i støtte til den motstandskampen Ukraina har. Ikkje berre militært, men også sivilt for å kunne verne om og bygge opp særleg elektrisitetskapasitet og kraftforsyning, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap). Regjeringa hadde foreslått å sette av 15 milliardar til Ukraina i statsbudsjettet for 2025, men dette meiner opposisjonen er altfor lite. Etter møtet i Stortinget tysdag auka regjeringa forslaget sitt til 30 milliardar kroner.
![Regjeringa foreslår å auke Ukraina-støtta for 2025](https://static.nrk.no/nrkno/serum/2.0.513/common/img/default.jpg)