RB: Ungdommar til sjukehus etter russefest

Fleire ungdommar har blitt sendt til Ahus etter ein russefest, skriv Romerikes Blad. Det skal vere mistanke om kullosforgifting. – Det vi veit, er at det var eit arrangement i Lørenskog i går, og at eit dieselaggregat kan ha ført til skadeomfanget, seier ordførar Amine Mabel Andresen til avisa. Andresen oppmodar no foreldre til å snakke med ungdommane sine om dei har vore på festen. – Viss nokon merkar symptom, er det særs viktig at dei oppsøker legevakta, seier ho.

Nov 8, 2025 - 18:00
 0