Muntlig spørsmål fra Helge André Njåstad (FrP) til justis- og beredskapsministeren. Besvart: 09.04.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Justisministeren kan bli ståande, det er justispolitikk eg vil diskutera og stilla spørsmål om òg. Det gjeld væpning av norsk politi, som har vore ei veldig aktuell sak. Går me eit år tilbake, var det noko Framstegspartiet stod heilt åleine om å meina i norsk politikk, saman med politileiarar, polititillitsvalde, faglege råd og NOU-ar. Heldigvis har denne våren vist oss at fleire parti har hatt prosessar og kome med i klubben av politiske parti som ønskjer å ha væpning. Det seinaste tilskotet var Arbeidarpartiet, så eg ønskjer dei òg hjarteleg velkomen blant dei partia som no vil ha væpning. Det betyr at det ser ut som at det er eit fleirtal i denne sal som ønskjer å væpna norsk politi, og det betyr at ein kan setja i gong nokre prosessar. Ein kan gjera det på ein grundig og ryddig måte, sånn at norsk politi får den væpninga dei ønskjer. Me er no på oppløpssida av denne stortingsperioden, og det krev at ein legg til rette for ein prosess med godt samarbeid mellom storting og regjering for å oppnå det som no ser ut til å vera eit stortingsfleirtal. Det betyr at Stortinget må behandla ting raskt, at komiteen må leggja til rette for høyring og ei god behandling, og at òg regjeringa bidrar med å koma med forslag som gjer at ein kan få på plass den væpninga mange landsmøte og mange politiske parti no har sagt dei vil ha. Mitt spørsmål er: Kva tankar gjer statsråden seg om å sikra ein god og grundig prosess, samtidig som Stortingets vilje kan koma til uttrykk denne våren, sånn at politiet kan få den tryggleiken dei har bedt om, sånn at dei kan tryggja oss?

Apr 10, 2025 - 18:00
 0