Mann drepen av føderale agentar i Minneapolis

Politisjef i Minneapolis, Brian O’Hara, opplyser til Minnesota Star Tribune at ein mann er skoten og drepen etter ein ny skyteepisode under en føderal immigrasjonsoperasjon i byen. Vitne meldte om det fyrst laurdag morgon, ifølge lokale medium. Personen som blei skoten, var væpna med eit skytevåpen, ifølge to tenestemenn i det amerikanske sikkerheitsdepartementet (DHS) som har uttalt seg til CBS News. – Minnesota har fått nok. Dette er sjokkerande, skriv guvernøren Tim Walz. Han seier han har vore i kontakt med presidenten, og krev Trump avsluttar operasjonen og tar ut «dei tusenvis av brutale, uerfarne offiserane» frå delstaten no. RETTING: NRK skreiv fyrst av mannen blei drepen av ICE, det riktige er at han blei drepen av føderale agentar i grensepolitiet. Retta 24.01.2026, klokka 20.06

Jan 25, 2026 - 00:00
 0