Hotel Ullensvang permitterer tilsette som følgje av flaum

Hotel Ullensvang permitterer om lag 40 personar som ein direkte konsekvens av flaumskadane hotellet har fått. Det melder Hardanger Folkeblad. Britt Marie Grieg er ein av drivarane på Hotel Ullensvang. Ho fortel til NRK at ingen av dei tilsette har mista jobben. Hotellet skal tilbake i normal drift. – Det er utruleg kjedeleg å måtte fortelje så mange tilsette at jobben deira ikkje trengst på ei stund, seier Grieg til NRK. Nokre blir permitterte på heiltid og andre på deltid. Nedbemanning var allereie i gang, då hotellet skal stenge ned for renovering frå 8. desember. No planlegg dei å opne 7. mars 2025. Arbeidet med vasskadane tek lang tid. Grieg fortel at dei har blitt møtt med forståing frå gjestane. Fleire av gjestane har blitt booka til andre hotell. – Vi må gjera det beste ut av situasjonen, seier Grieg.

Nov 7, 2024 - 12:30
 0