Google har auka klimagassutsleppa med 81 prosent sidan 2019
Klimagassutsleppa til Google auka med 18 prosent på eitt år, viser ein rapport frå selskapet sjølv. I 2025 hadde dei klimagassutslepp på 14,5 millionar tonn CO₂. Samanliknar ein derimot med 2019, som Google sjølv brukar som referanseår, har utsleppa auka med 81 prosent. Ifølge Google er auken hovudsakleg på grunn av kor raskt selskapet har utvida seg. – Me erkjenner at klimaavtrykket vårt har auka i takt med auken i KI, som manglar sidestykke, og me jobbar aktivt med å minimera påverknaden, skriv selskapet.