FBI skal etterforske øydelegginga av valurner i USA
Det seier Det kvite hus, melder Reuters. Hundrevis av førehandsstemmer blei øydelagde då valurner blei sett fyr på i Washington og Oregon måndag. Det er ikkje pågripe nokon etter hendingane, men politiet har etterlyst ein mørk volvo som er sett på eit overvakingskamera i Portland.
