Dollaren under 10 kroner

Dollaren kostar så vidt under 10 kroner torsdag. Den bikka under først klokka 11.24, og etter klokka 12 har den halde seg under 10-talet, ifølgje tal frå Infront. Den norske krona har ikkje vore så sterk mot dollaren sidan juli 2023. Den amerikanske valutaen har svekka seg mot krona og fleire andre valutaer i år. President Donald Trump sin handelskrig, og den stadig høge gjelda til USA, har gjort investorane utrygge, og bidrege til svekkinga av valutaen.

Jun 12, 2025 - 21:30
 0