Britiske medium: Tate-brørne skal ha forlatne Romania
Andrew og broren Tristan Tate skal ha reist med privatfly tidleg torsdag morgon. Det melder Sky News og BBC. Trump-administrasjonen har jobba for å lette på restriksjonane, ifølgje The Financial Times. Brørne står overfor fleire kriminelle skuldingar i landet. Dei hadde blitt lauslatne frå husarrest, men fekk ikkje forlate Romania. Begge nektar for skuldingane om menneskesmugling, seksuelle overgrep og kvitvasking av pengar, samt å ha starta ei organisert kriminalitetsgruppe.
