Berge Gerdt Larsen får millionerstatning

Forretningsmannen Berge Gerdt Larsen får 17,3 millionar kroner i erstatning, oppreisning og sakskostnader etter at Høgsterett har sett punktum på eit 22 år langt rettsmaraton. Saka starta då Larsen blei granska av skattemyndigheitene i 2002. I 2006 gjekk skattevesenet til aksjon mot Larsen sine kontor, og seinare blei han tiltalt for å ha tappa sitt eige selskap, Larsen Oil & Gas, for 20,5 millionar kroner. Larsen blei dømt for skattesvik og økonomisk utruskap og til fem års fengsel i tingretten, men anka dommen. I 2016 blei han frifunnen av lagmannsretten, og saksøkte seinare staten for 900 millionar. Larsen fekk tilkjent erstatning av Borgarting lagmannsrett i juni i år, men staten anka. Høgsterett har avslått å behandle anka, slik at lagmannsrettens dom blir ståande. Det melder Elden advokatfirma i ei pressemelding, som Bergens Tidende var først ute med å melde.

Nov 26, 2024 - 21:30
 0