Båt kantra ved Kråkenes fyr: Søker etter tre personar
Det er sett i gang redningsaksjon ved Kråkenes fyr etter ein skjærgårdsjeep vart funnen drivande med kjølen opp, melder politiet. Det blir søkt etter tre personar, bekreftar Hans Jakob Gulliksen, redningsleiar i Hovudredningssentralen til NRK. Gulliksen opplyser om at den kantra båten er ein utleigebåt. – Utleigar har bekrefta til oss at det var tre personar som drog ut i båten tidlegare i dag. Redningsskøyter, redningshelikopter og politiet er iverksatt i søket. – 15 personar frå brannvesenet er på veg opp frå Måløy i båt, seier Børre Brekkvassmo, fungerande vaktkommandør i brannvesenet. Frivilleg mannskap er også kalla ut for å bistå i søk langs land.
