24 Joker-butikkar selde etter gjeldskrise
Kjøpmannen Inderjeet Singh eig 37 Joker-butikkar og er i alvorleg gjeldskrise. No vil daglegvaregiganten Norgesgruppen kjøpe 24 av butikkane hans, ifølgje eit dokument sendt til Konkurransetilsynet.
Partane avventer godkjenning av salet frå tilsynet.
Alle Joker-butikkar i Noreg er eigde av sjølvstendige kjøpmenn. Men er alle del av kjedekonseptet Joker, som er eigd av Norgesgruppen.
I 25 år har Singh drive Joker-butikkar med suksess. Men i sommar snudde det, og det var ikkje lenger pengar igjen for å betene gjelda på over 300 millionar kroner.
– Vårt mål er at flest mogleg tilsette skal få behalde jobbane sine, at kundar og leverandørar skal bli minst mogleg påverka og at kreditorane får dekka mest mogleg av sine uteståande krav, seier kommunikasjonsdirektør Stein Rømmerud i Norgesgruppen.
NRK har vore i kontakt med advokaten til Singh, Karl Anders Grønland, som også stadfestar butikksalet.
Joker-butikkane Norgesgruppen no ønskjer å kjøpe frå han ligg i Oslo og omland: Abildsø, Asker Stasjon, Billingstad, Blaker, Bygdøy Alle, Carl Berner, Dælenenggata, Geitmyrsveien, Grünerløkka, Holmenhavna, Jeløy, Jens Bjelkesgate, Kirkeveien, Klemetsrud, Langhus, Lysaker Stasjon, Løkenåsen, Løren, Løren Stasjon, Nordberg, Sandaker, Sandefjord Stasjon, Schous Plass og Torshov.
– Vi har ikkje noko mål om å behalde desse butikkane, men ønskjer at dei på sikt blir kjøpt tilbake av kjøpmenn til kostpris. Dette arbeidet startar no, seier Rømmerud.