Slik sparar du pengar på utenlandsferien

4 months ago 26


– Vi skulle eigentleg sjå Tower of London og kronjuvelane, men det får vi heller gjere ein annan gong, seier Ingvild Hunsrød.

Vi møter henne og familien på verdas største leikebutikk, Hamleys i London.

– 1 500 kroner for å sjå på kronjuvelar er litt dyrt, seier Morten Dalåmo.

Morten Dalåmo, Ingvild Hunsrød, Julie Dalåmo og Bendika Dalåmo på verda største leikebutikk, Hamleys i London.

Morten Dalåmo, Ingvild Hunsrød, Julie Dalåmo og Bendika Dalåmo på verda største leikebutikk, Hamleys i London.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

– Eg har gjort husarbeid og spart mykje for å bruke pengar her, seier dottera Bendika Dalåmo (10)

– Heldigvis er det også mykje gratis ein kan gjere her, seier Ingvild Hunsrød.

Etter kvart finn Julie (8) ein bamse ho vil ha.

– Eg fekk 500 kroner av bestemor og bestefar og 500 av mormor og morfar. Det er 1000 kroner til saman. Så eg har råd til bamsen, men den er veldig dyr, seier ho.

Ingvild Hunsrød fotograferer Julie Dalåmo på ei trone i leikebutikken.

Ingvild Hunsrød fotograferer Julie Dalåmo.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

Svak krone

For det blir stadig dyrare på utanlandsferie for nordmenn.

Ein euro kostar no rundt 12 kroner. Eit pund over 14 og ein dollar rundt 11 kroner.

Derfor har vi mjølka reiselivsekspertane Øystein Bache kjent frå «Team Bachstad», journalist Odd Roar Lange og reisebloggar Renate Sandvik for sparetips.

Bruk kredittkort

– Der det er mogleg. Og betal i lokal valuta. For då er det banken din som reknar om kursen, og den er nesten alltid betre enn den lokale kursen, som butikken du handlar i opererer med, seier Øystein Bache.

– Men betal dette tilbake med ein gong for å sleppe å sitte i gjeld etter ferien, seier Renate Sandvik

Spør kortterminalen om du ønskjer å betale i lokal eller norsk valuta, må du alltid velje lokal valuta, fortel ho.

Odd Roar Lange understrekar det same

– Alltid. Ikkje la deg freiste til å ta den norske, det er alltid mykje dyrare, seier han.

Hugs reiseforsikring

Bestiller du reisa med kredittkort og betaler med det same kortet medan du reiser får du ofte reiseforsikring på kjøpet, fortel Renate Sandvik.

– Betal dette tilbake med ein gong for å sleppe å sitte i gjeld etter ferien, seier ho.

Hugs også å sjekke vilkåra for korleis du må bruke kortet for at forsikringa skal gjelde.

– Ei god reiseforsikring er ei veldig mykje betre investering enn mykje anna, seier Øystein Bache.

Ta ut kontantar i bank

Viss du må ta ut pengar, er det lurt å dra til ein heilt vanleg bank.

– Gjerne der du kan gå inn i banken og ta ut pengar. Det er både billigast og tryggast, seier Odd Roar Lange.

Unngå å ta ut kontantar på flyplassar, rår han.

– Flyplassar er den dyraste plassen du tar ut pengar. Det gjeld både i Noreg og der du landar, seier Lange.

Ulike minibankar opererer mange stadar med ulike avgifter.

Renate Sandvik på strand i Bolga

Reisebloggar Renate Sandvik på strand i Bolga.

Foto: privat / Picasa

Et med dei lokale

Lange rår folk til å unngå dei typiske turistfellene når du skal ete ute. Altså strandbarar, strandrestaurantar og turistgater.

– Dei lokale et ofte berre 200 meter unna. Då får du både øl, vin og god mat til halve prisen samanlikna med turistområda, seier han.

Lær deg tretten-gangen

Reiselivsekspert og journalist Odd Roar Lange rår folk som skal på ferie til euroland å lære seg 13-gangen.

– Sjølv om det er cirka 12 kroner for ein euro, så kjem det eit vekslingsgebyr i tillegg. Så da blir det eigentleg 13 kroner, seier han.

Reiselivsekspert Odd Roar Lange. Et selfie, hvor Lange har på seg hawaiiskjorte og står på en strand. Han har briller og smiler til kamera.

Reiselivsekspert Odd Roar Lange.

Foto: Privat

Sjekk med reisefølgjet før du kjøper noko

Øystein Bache anbefaler å sjekke med reisefølgjet før du går til innkjøp av nye dingsar og klesplagg.

– Det er mykje som er ... «Hellas fint». Altså ting du verkeleg ikkje har bruk for når du kjem heim, seier han.

Sjekk kontoen jamleg

Følg med på nettbanken undervegs i ferien, for å sjå kva du har brukt.

– Så slepp du å få sjokk når du kjem heim, seier Lange.

Øystein Bache setter opp eit strandtelt i Team Bachstad i Japan.

Øystein Bache kjøpte eit billeg strandtelt som han impregnerte og sov i då han og Rune Gokstad køyrde Japan på langs med bubil.

Foto: NRK

Kjøp billegare dingsar

Om du skal kjøpe noko du treng, for eksempel eit telt fordi reisepartnaren din snorkar, anbefaler Bache folk å gå for billigare merker.

– Eg kastar eller gjev som regel bort slike ting før eg reiser tilbake til Noreg, fordi eg ikkje har plass til dei heime.

Dette tipset gjeld særleg om ein ønskjer å spare pengar på bagasje, understrekar Bache.

Lange oppmodar derimot folk til å ta med seg badeleiker, madrassar og slikt frå Noreg.

– Og ta dei med heim att, så kan du bruke dei fleire gonger.

Prut på hotell

Viss ein berre har kjøpt flybillettar før ein reiser, kan ein spare litt på å prute på hotellrom, fortel Lange.

– Særleg på slutten av dagen, utpå ettermiddagen, så er det mogleg å prute. Det er betre for hotellet å selje rommet til ein lågare pris, enn å ikkje å få pengar i det heile tatt, fortel Lange.

Men det er litt risikabelt i Europa i august, for det er hovudferie for dei fleste europearar.

– Då må ein litt utanfor feriebyane. Med små barn ville eg kanskje vore litt varsam med dette, fortel han.

«All inclusive» kan og vere ei god løysning, meiner han.

– Sjølv om det er litt utskjelt, men då har ein god kontroll på økonomien, seier Lange.

Har ein bestilt eit hotellrom som ein kan avbestille, er det absolutt mogleg å søke rundt etter rimelegare alternativ før ein drar, fortel Sandvik.

Men no er det som regel høg etterspurnad og dermed høg pris generelt, men det skadar ikkje å søke, meiner ho.

– Er ein heldig kan ein nytte seg av andre sine avbestillingar, seier Sandvik

Sjekk flyprisen før du bestiller hotell

Sandvik seier hennar beste tips er å velje reisemål utanom det vanlege.

– Reiser ein til mindre besøkte stader, kor dei ikkje nyttar euro, pund eller dollar, kan ein få mykje igjen for det, seier ho.

Sidan Yen-en også er svak, er Japan også billegare no.

Men sjekk flyprisen før du drar.

Det er som regel mykje billigare å fly til «Syden» sjølv om Yen-en er svekka.

– Å reise til Japan er også såpass langt, at då bør ein også blir der ei stund, for at det skal jamne seg ut rent økonomisk, seier Bache.

Sov i telt – eller på «kjærleikshotell»

Det finst mange billegare alternativ til hotell.

– I staden for å bu på dyrt hotell og ete ute kvar dag, kan ein leige ei leilegheit med kjøkken, slik at ein har moglegheita til å lage eigen mat, seier Sandvik.

Eller du kan gjere som «Team Bachstad».

– Du kan kjøpe eit strandtelt, som du kan impregnere så det toler vatn. Det funkar kjempefint. Det har eg prøvd, seier Bache.

Vandrarheimar er også eit alternativ.

Vurderer du vandrarheim eller telt, men trur du kan trenge ein stad for romantisk privatliv i ferien, har Japan og mange andre land korttidshotell, såkalla «love hotel».

Desse er primært eit tilbod for folk som treng ein privat stad å ha sex, altså ikkje familievenlege.

Sjå episoden der Øystein overtar hotellbestillinga og «Team Bachstad» hamnar på «love hotel».

Bache klarte med uhell å booke seg og Rune Gokstad inn på slike hotell ved fleire anledningar då dei reiste i Japan.

Dei fungerer ifølgje Bache heilt fint for vaksne med eller utan følgje, og kan vere rimelegare enn vanlege hotell for heile netter, i alle fall i Japan.

– For hotellovernatting i Japan er ikkje nødvendigvis så rimeleg. Det er nesten norske prisar. Men «love hotell» var billegare. Og der får du i tillegg eit minne for livet, seier Bache.

Sjølv ferierer han på hytta i sommar.

– Eg får tilfredsstilt reiselysta på jobb, seier han.

Renate Sandvik er også på hyttetur når NRK tar kontakt. Ho reiser helst om våren eller hausten.

– Eg sparar mykje pengar på det, og slepp dessutan både hetebølgjer og trengsel. Det er jo nesten litt synd å reise bort om sommaren, når Noreg er på sitt beste, seier ho.

Publisert 28.07.2024, kl. 16.52

Read Entire Article