Denne artikkelen er produsert og finansiert av Høgskulen i Volda - les mer
Elevar som skriv meir for hand, skreiv jamnare og meir leselege bokstavar med blyant enn dei som var vande med å skrive digitalt. (Foto: Kittyfly / Shutterstock / NTB)
Skrivinga til over 500 førsteklassingar er analysert. Forskarane ville forstå meir om korleis skriving på tastatur påverkar seksåringar som skal skrive sine første tekstar.
Vil du engasjere foreldre i dag, kan du seie «digitale verktøy» og «førsteklassing» i same setning.
Meiningane er mange, men kva effekt har tastaturbruk på skriveutviklinga til dei yngste i skulen?
Dette har forskarar ved Høgskulen i Volda (HVO) og Universitetet i Stavanger (UiS) sett nærmare på gjennom forskingsprosjektet DigiHand.
Skreiv to forteljingar til ein teddybjørn
Forskarane undersøkte kva innverknad graden av digitalisering har på skrivinga til 577 førsteklassingar.
Elevane skreiv tekstar for hand og digitalt. Forskarane analyserte så korleis barna presterte ut frå kva skriveopplæring dei ulike skulane hadde lagt opp til frå før av.
Alle dei 33 klassane fekk i oppdrag å skrive to forteljingar til den historieglade teddybjørnen Elling - éin tekst på tastatur og éin på papir.
Skrivinga gjorde dei ved starten av første klasse og igjen i andre klasse. Dette gjorde dei for å kunne sjå korleis skrivinga til elevane hadde utvikla seg gjennom det første skuleåret.
Lengre med tastatur, meir funksjonelt med blyant
Kva fann så forskarane ut?
Studien viste at elevar i klassar som skriv meir digitalt i skulen, skreiv lengre og meir korrekt stava tekstar når dei tasta digitalt etter første klasse enn dei som skriv meir for hand.
Dei digitale har derimot meir problem når dei skal skrive med blyant på papir.
Bokstavane deira blei meir ujamne, mangla fleire mellomrom og var meir spegelvende samanlikna med elevane som skriv meir for hand.
Elevar som skriv meir for hand, skreiv derimot jamnare og meir leselege bokstavar med blyant enn dei som var vande med å skrive digitalt.
Såleis viser resultata at det å både skrive for hand og digitalt med tastatur har sine fordelar.
Beviser at variert øving gjer meister
– Det vi har bevist i studien, er at øving gjer meister i skriveopplæringa, uansett skrivereiskap, seier HVO-professor Wenke Mork Rogne.
Ho fortel at det fort blir mykje synsing om digitalisering i skulen.
Debatten handlar så ofte om kva foreldra, lærarane og andre trur og meiner om å bruke digitale verktøy i skriveopplæringa.
– Derfor er det viktig at vi forskarar faktisk undersøkjer problemstillingane på ein vitskapleg og kvalitetssikra måte, seier ho.
Noko enten-eller-svar om bruk av digitale verktøy i skriveopplæringa kjem ikkje forskarane med i denne studien. Snarare tvert imot.
– Vi ser at det er viktig at elevane i dag får opplæring i, og tilgang til, å skrive både for hand og digitalt. Lærarar bør leggje til rette for at elevane må ha ulike skrivereiskapar og øve både på handskrift og med tastatur heilt frå første klasse. Begge delar fører til viktig læring på kvar sin måte, seier ho.
Dei yngste bør få meiningsfulle skriveoppgåver
Studien slår fast at vidare forsking må til for å gi klarare råd til lærarane om variert bruk av verktøy i skriveopplæringa.
Wenke Mork Rogne vil likevel understreke eitt av resultata: Handskrift kjem ikkje av seg sjølv.
– I prosjektet ser vi kor viktig det er at elevane får opplæring i å utvikle handskrift heilt frå første klasse – og at dei får meiningsfulle skriveoppgåver tidleg. Det held ikkje å dele ut eit nettbrett og la elevane skrive A-ar på skjermen med ein finger i ein time. Både blyant på papir og tastatur på nettbrett kan gi førsteklassingar god øving i å skrive forteljingar. Det er ikkje skrivereiskapen som har størst betydning, men heller korleis læraren legg til rette for god skriveopplæring, seier Rogne.
Forskarane fekk seg også ei overrasking: Førsteklassingane skriv betre og lengre tekstar tidlegare i skuleløpet enn forskarane i utgangspunktet trudde.
– Allereie tidleg i første klasse har vi studiar som viser at mange av elevane kan kjenne att fleire bokstavar og kan skrive ganske mykje, men det er stor variasjon internt i klassane. Den innsikta er viktig for korleis ein legg opp undervisninga, fortel Rogne.
Sjølv om ferdigheitsnivået i ein klasse kan sprike mykje, oppmodar professoren lærarane om å ikkje vere redde for å gi morosame skriveoppdrag tidleg.
Elevane kan gjerne få skrive utifrå eit fargerikt bilete av noko dramatisk eller kjekt – eller til dømes som eit brev til ein bamse, slik ein gjorde i dette prosjektet.
– Det vil gjere det mykje meir motiverande å skrive. Mange elevar klarer meir enn vi trur, seier Rogne.
Referanse:
Wenke Mork Rogne mfl.: Effects of digitalisation on learning to write – A naturalistic experiment. Learning and Instruction, 2024. Doi.org/10.1016/j.learninstruc.2024.101970
Om studien
Dette er hovudstudien i det store, HVO-leia forskingsprosjektet DigiHand, som starta i 2018 og no er sluttført. Wenke Mork Rogne var prosjektleiar og Lesesenteret ved UiS var samarbeidspartnar.