Prins Harry og News Group Newspapers (NGN), som er eigd av Rupert Murdoch, har gått inn forlik, melder Reuters.
Den britiske prinsen har skulda den britiske tabloidavisa The Sun og den no nedlagde avisa News of the World for å ha henta inn informasjon på ulovleg vis.
Onsdag seier advokaten hans at partane no har blitt einige om eit forlik.
Rettssaka skulle ha starta tysdag neste veke.