På Solnør Gaard på Skodje i Ålesund, har dei ei unik samling av bøker, tidsskrift og anna. Noko av det stammar frå 1500-talet.
Her har dei også funne dokument som stammar frå nynorskens far, Ivar Aasen. Han budde nemleg på denne garden i sju år, frå 1835 til 1842.
Slik ser Solnør Gaard ut i dag.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKHan jobba då som lærar for dei seks barna til kaptein Ludvig Daae, som eigde garden på den tida.
– Det er overveldande, det som vi finn her. Vi visste vel ikkje at det var så mykje den dagen vi tok over. Her har det vore mange overraskingar, seier Else Karin Stette Stenseth.
Ho er dagleg leiar på garden.
I 2024 fekk Solnør Gaard nye eigarar. Og no er dei i gang med å kartlegge alt som finst i huset av kulturhistorisk verdi.
Else Karin Stette Stenseth er dagleg leiar på Solnør gaard. No er dei i gang med å kartlegge alt av gamle skrifter som finst på garden.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKIkkje kasta noko på 150 år
Og då måtte dei ha hjelp. Siri Beate Gjerde, som er spesialbibliotekar ved Nynorsk kultursentrum, har vore med og sett gjennom alt av dokumentasjon som finst på garden.
– Dei var interesserte i litt hjelp og råd om innhaldet på Solnør. Vi har sjølvsagt ei interesse i å sjå om det finst spor av Ivar Aasen, som budde her i mange år, seier ho.
Bibliotekaren, Siri Beate Gjerde, har funne mykje interessant som har vore lagra på Solnør gard i mange år.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDei har brukt mykje tid på å gå gjennom alt, og bibliotekaren er veldig begeistra over det ho finn på den gamle garden.
– Det er fantastisk, dei har sannsynlegvis ikkje kasta noko på 150 år.
Professor i norsk språk, Terje Aarset, seier at opphaldet Aasen hadde på Solnør Gaard, har hatt mykje å seie for nynorsken.
– Den er heilt avgjerande. Her var det ei boksamling slik at han kunne følgje med på samtida og fortida, og han hadde god tid til å lese og arbeide. Han hadde nokre få timar undervisning per dag, og resten av tida kunne han bruke som han ville, seier Aarset.
Terje Aarset, professor i norsk språk, har besøkt Solnør Gaard fleire gonger for å gå i fotspora til Ivar Aasen.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKFann upublisert materiale
I dei gamle papira på garden har dei også funne upublisert materiale frå Ivar Aasen, fortel spesialbibliotekar Siri Beate Gjerde.
Det eine dei fann, var ei gammal bok der Aasen hadde kladda ned tankar om grammatikk på omslaget. På boka hadde han skrive korleis lyden i ein tekst som sluttar med eit spørsmålsteikn, bør vere.
Dei har funne mange gamle skrifter på garden.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Notatet er datert frå då han var der og arbeidde, seier Gjerde.
Det andre som blei funne, er ein preiketekst for minnestunda til kaptein Ludvig Daae sin førstefødde son. Teksten er skriven med Ivar Aasen si handskrift, men spesialbibliotekaren trur ikkje Aasen har skrive han sjølv.
– Vi trur at han enten har skrive av teksten frå ei anna preike, eller at nokon har diktert han til han. Han hadde ei veldig fin handskrift.
Kaptein Ludvig Daae, som eigde garden, mista sin førstefødde son, Johan C.H. Daae. Han døydde 19 år gammal i Molde, der han gjekk på skule. Dette er preiketeksten til minnestunda.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKDifor trur spesialbibliotekaren at Aasen har fått i oppdrag å lage heftet til minnestunda.
Gjerde seier det er veldig spesielt at ein framleis kan finne nye ting etter Aasen.
– Det er fantastisk. Det å få kome til Solnør og bla gjennom alle desse gamle papira og bøkene og alt, og så dukkar det opp slike ting, då blir ein veldig glad. Det er utruleg kjekt å sjå at det framleis finst ting etter Aasen som vi ikkje har sett før, seier Gjerde.
Publisert 19.11.2025, kl. 05.42



















English (US)