«Kitsch er heile poenget»

1 day ago 6


Med havet, kjærleiken, arpeggio og eurotrance som guddom, debuterer Danny L Harle med eit album som nesten kunne vore taktlaust, om det ikkje hadde vore så ærleg sydd saman.

Dei siste åra har Harle skrive, produsert og remiksa seg inn i popkulturen. Som produsent står han bak plater for artistar som Dua Lipa («Radical Optimism») og Caroline Polachek («Pang», «Desire, I Want to Turn Into You»). I diskografien har han òg låtar med alt frå Chic («Boogie All Night») til Oklou («Choke Enough»).

Når Danny L Harle blir omtala, er det som produsent, låtskrivar, komponist. Ja, til og med – i den meir påtekne musikkpressa – som forfattar. Men sjeldan som artist.

  • En modell står på en catwalk iført en kunstnerisk, flerfarget kjole med transparent stoff og detaljer i svart. Omgivelsene har en enkel bakgrunn som fremhever antrekket. Lyssettingen er fokusert på modellen, noe som gir en dramatisk effekt. Publikum kan skimtes i svakt lys bak modellen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Caroline Polachek er blant artistane som er med på albumet.

    Foto: AFP FREDERIC J. BROWN
  • En person poserer i en rød kjole med paljetter og høye hæler på en rød matte. Kjolen har en høy splitt som viser benet. Omgivelsene har en mørk bakgrunn med tekst som refererer til en veldedighetsarrangement. Belysningen fremhever kjolens detaljer og personens stil. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    I tillegg til også Julia Michaels,

    Foto: AP Jordan Strauss
  • PinkPantheress er avbildet på den røde løperen iført en fargerik kjole og et diadem med detaljerte smykker. Bakgrunnen består av en svart vegg med geometriske former og gullfargede elementer. Personen har håret samlet i en elegant frisyre. Bildet fanger en formell begivenhet, trolig et prisutdelingsarrangement. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    PinkPantheress

    Foto: AFP AMY SUSSMAN
  • En kvinne synger med mikrofon under en forestilling. Hun har på seg hodetelefoner og en svart, blomstermønstret kjole. Omgivelsene er dempet, med en bakgrunn av uklar tekstur og lys. Publikum kan skimte i bakgrunnen, men er ikke i fokus. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    ... og Clairo!

    Foto: Andy Kropa / AP / NTB

Det er kanskje lett å gå seg vill i mylderet, om ikkje anna blant alle stjernene han har med på «Cerulean».

Karl Johan på ein dårleg dag?

Harle har teke med seg alternativ pop sine framsidejenter, mellom anna i to samarbeid med Caroline Polachek. «Azimuth» opnar med Polachek sin drypande, våte falsett, som heimsøkjer låten sine sparsame og maskinelle synthar.

Akvatisk blir det òg på «On & On», med vokalprodusent Cameron Gower Poole på laget. Polachek si jodling og falsett blir nærast karikert til ei sirene, eit gjentakande motiv på ei plate der sjøsprøyten slår innover.

Danny står foran en dramatisk, skyet himmel med mange fugler som flyr rundt. Han er kledd i en mørk, kappe-lignende jakke og har en bestemt holdning. Bakgrunnen viser industriområder, noe som gir kontekst til situasjonen. Bildet formidler en stemning av uro og forvandling. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Ronan Park / promo

Kanskje er «artist» ein merkelapp reservert for dei som tek steget framfor miksepulten og grip mikrofonen. Men for Harle er stemma eit instrument, og uttrykket blir distinkt likevel.

Etter «Noctilucence» har vaska øyra med den kraftige inngangen sin på plata, kjem «Starlight» med Pinkpanthress som gjest på hennar lengste låt nokosinne. I «Starlight» møter paranoiaen i teksten sin overmannen i produksjonen. Låten gjenoppfinn seg sjølv gong på gong, i skitten bass, panfløyter og piano à la David Guetta sin «When Love Takes Over».

Det høyrest ut som eg beskriv Karl Johan på ein dårleg dag, men låten er så nyfiken på eigen sjanger, at det masseproduserte blir til noko i evig utvikling.

Det eldgamle fenomenet saksofon

I eit ømt mellomspel med Clairo på «Facing Away», hentar Danny L Harle tilbake linjer frå «Shoreline», samarbeidet hans med artisten TDJ.

Bildet viser to personer som sitter i et rom utstyrt med lydutstyr. Den ene personen sitter til venstre i en svart vest, mens den andre ligger på en grønn sofa i en svart, gjenngivende kjole og hever hånden. I bakgrunnen står høyttalere og datamaskiner, og veggene er dekorert med kunstverk som forestiller ansikter. Rommet har store vinduer som slipper inn naturlig lys. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Danny har også med seg artisten Dua Lipa på albumet.

Foto: Promo, Playground Music

«Raft in the sea» med Julia Michaels er femte låt ut i ei imponerande opningsrekkje. Vokalen er som teken ut av ein teikneserie med den barnlege brodden sin. Eit ekko til stemma som var signaturen til 90-talets eurodance, og noko å humra over. Saxofonen som kjem inni her, hinter til kor dedikert albumet er til utgravinga av europeisk musikkhistorie frå dei siste tre tiåra – den delen me aller helst fnyser av.

Utgraving blir det også på «Island (da da da)», der Anatole Muster ser til Edward Maya («Stereo Love») sitt trekkspel. Her finn ein endå ein barnleg vokal, denne gongen frå Harles seks år gamle dotter.

«Crystallise My Tears» med Oklou og Mnek tek med seg synthen frå Harle sin debutlåt «Broken Flowers». Den gjer eit noko overstadig filtrert nikk mot alle vokalkombinasjonane som eurodance truga lyttarane med.

Hovudet i sanden

«Broken Flowers» kom ut i 2013, før Harle blei produsent. Låten markerte plateselskapet PC Music sitt gjennombrot i populærmusikken, i utforskinga deira av ein syntetisk og overdriven popestetikk. Dei hentar inspirasjon frå 90- og 00-talets «lågkultur», i eit uttrykk som i dag blir kalla hyperpop.

Danny står ved kysten med havet i bakgrunnen. Han har på seg en svart jakke med markante skuldre. Det er klart vær, og det synes at det er en kystlinje i det fjerne. Omgivelsene gir inntrykk av en stille og rolig atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Ronan Park / promo

I 2021 slapp Harle albumet «Harlecore», der han, takka vere fire ulike alias og samarbeid, utforska ravekulturen sine uttrykk innan maskina, hardcore, gabber og ambient.

Singlar utan rammer og eit album der hovudpersonen sjølv kan stikka hovudet i sanden. Det er kanskje ikkje så rart at «Cerulean» blir seld inn som Harle sin eigentlege debut.

Dua Lipa vs. Robyn

Med «Cerulean» har òg dekonstrueringa han byrja med i PC Music gått ein heil runde, og Harle er tilbake der han byrja.

Denne gjenoppdaginga skin på «O Now Am I Truly Lost», der Harle sin klassiske bakgrunn kjem til syne gjennom ei truskuldig tilnærming til tonehøgd. Eller i låta «Te Re Re», som slår innover som ei form for barokk motett via Gigi D’Agostino.

Men nokre få gonger, blir det meir storm i vassglas.

Tre personer er samlet i et rom. Den ene står bak en laptop mens de to andre sitter, en med en notatbok og en penn. Rummet inneholder musikkutstyr og instrumenter, og har gardiner som dekker vinduene. Belysningen er dempet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Promo, Playground Music

Med på plata er òg Dua Lipa. På låten «Two Hearts» dryp det av svenske Kleerup og Robyn sin låt «With Every Heartbeat». Men han klarer ikkje å tilføra noko like forløysande, sjølv med all akkordleik og temposkifte. Og når låten «Laa» til slutt speglar sandstormen til Darude, komplett med eit utilpass dubstep-break, irriterer sanden meir enn den svir.

Frå produsent til artist

Når Danny L Harle er arkitekt på sitt eige prosjekt, lukkar han sirkel og byggjer eit univers alle poplyttarar kan kjenne att. I PC Music har Harle vore ein sentral del av eit kollektiv som ville bryta opp og byggja popmusikken opp på nytt. Det kjennest nesten ironisk at han no ligg så nært noko av den aller mest attkjennande popmusikken.

«Cerulean» er vulgær og underhaldande på overflata, men òg nyfiken og utforskande i kjernen.

Og det er dei skamlause referansane, stadig i rørsle, som gjer at Harle ikkje bryt saman i sitt eige prosjekt.

For Danny L Harle som artist, er ikkje kitsch og sentimentalitet ein trussel. Det er heile poenget.

Publisert 18.02.2026, kl. 11.01

Read Entire Article