Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_877f10d6aafcf012583d7a255270da36, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Bedehusmannen som blei søkkrik skipsreiar - NorwayToday

Bedehusmannen som blei søkkrik skipsreiar

2 hours ago 2


For Per Sævik er arbeid eit gudgjeve kall, men no er det slutt.

Per Sævik kallar bedehuset på Remøya, yst i havgapet på Sunnmøre, for sin andre heim.

Gud har prega livet til den 85 år gamle skipsreiaren og mangemillionæren på alle område.

– Arbeid har alltid vore ei velsigning.

Etter at han såg lyset i ungdomsåra, har han bygd opp eit gründereventyr.

I 2024 passerte Havilagruppa tre milliardar kroner i omsetning og har no rundt 1500 tilsette.

Møtet som la grunnlaget

Utan Liv Sævik hadde det ikkje blitt noko familiebedrift.

Da ho kom til Remøya i 1966 for å jobbe, møtte ho Per utanfor butikken, sittande på ein benk.

– Han hadde milde og gode auge, minnest ho.

Han introduserte Gud for henne.

59 år seinare skal dei tre barna deira ta over etter faren.

– Vi håper og trur at vi har greidd å formidle eit verdigrunnlag som gjer dei til gangs menneske, og som kan hjelpe dei å styre, seier Liv Sævik.

Gull og ansvar

I inngangspartiet til det diamantforma kontorbygget i Fosnavåg ligg Bibelen oppslått på Første Mosebok. Der fann Sævik namnet Havila – landet som blir skildra som rikt på gull.

Og gull har det etterkvart blitt godt med for sunnmørsbedrifta.

– Veit du kva som står i Matteus 6.19-21?

– Nei, men det burde eg heilt sikkert vite.

– Der står det om at ein ikkje skal samle seg skattar på jorda, men i himmelen. Kva tenkjer du om det?

– Vi har veldig lett for å bli materialistiske i kvardagen, men eg trur eg må seie at eg er ganske bevisst at det materialistiske ikkje skal få overhand, sjølv om eg brukar ein stor del av tida mi på det som har med jobbing for arbeidsplassar og livsverk.

– Kva er din «guilty pleasure»?

– Det er lutafisk før jul - opptil ti gonger! ler Sævik.

Sævik, som akkurat har fylt 85 år, får ein klem av ein tilsett idet han kjem inn.

Å ha eit godt forhold til dei tilsette og ta vare på dei, har Sævik lært av ein du sikkert har høyrt om på skulen.

I Hauge si ånd

Hans Nielsen Hauge (1771-1824) har blitt kalt tidenes «super-gründer».

Han var ikkje berre ein religiøs leiar, men også ein samfunnsbyggjar og entreprenør. Læra hans gjekk ut på å leve nøkternt, ansvarleg og gjere godt for andre.

Økonom og Sævik-samarbeidspartnar Ola Grytten meiner Sævik er den fremste representanten for den haugianske næringsverksemda i Noreg.

– Denne modellen legg vekt på samfunnsansvar og måtehald, der ein ikkje bruker pengar på eigne luksusbehov, men tek ansvar for andre.

Sævik sjølv vil ikkje seie kor mykje pengar han har gitt bort, men badeanlegg, idrettsanlegg, bedehus og kyrkjer i lokalsamfunnet vitnar tydeleg om gåvene hans.

– Folk må få eit meiningsfylt liv også utanom arbeidstida, og vi vil vere med på å bygge eit lokalsamfunn som er så attraktivt at vi kan tiltrekke oss den beste arbeidskrafta utanfrå.

Husbankhus frå 70-talet

Per Sævik er ifølge Kapital den 55. rikaste i Noreg, men bur i eit husbankhus frå 70-talet.

– Å bu her er bra for image mitt, ler Sævik.

En person står langs veien nær et veikilt med teksten "Sævik". Det er en rolig gate med boliger i bakgrunnen, inkludert flere fargede hus. Omgivelsene er preget av en grå himmel og en landlig atmosfære. Veien virker lite trafikkert, med tydelig oppmerking og veiskilt. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Per og Liv Sævik bur på Sævik.

Foto: Remi Sagen / NRK

Men det er også ein annan viktig grunn til at Sævik aldri bruker ei krone dersom det held med 50 øre.

– Er du sunnmøring, og i tillegg vaks opp etter krigen i ein søskenflokk på ni med tronge økonomiske kår, så får du ei grunnleggande haldning med deg. Å vere nøktern sit ganske djupt, seier Sævik.

Derfor har dei ikkje unnt seg dyre feriar. Da barna var små reiste dei ei veke på bibelleir kvar sommar. Dei siste åra har rett nok ekteparet kosta på seg nokre turar på cruise.

Frå fiskar til konsernbyggjar

I tenåra starta Sævik, som dei fleste andre gutane i fiskerikommunen Herøy, som fiskar. Seinare blei han skipper og fiskebåtreiar, før han starta fleire offshoreselskap. I dag driv Havilakonsernet med både skipsteknologi, offshore, transport og reiseliv.

  • En gruppe mennesker som sitter ute (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Per sit på fanget til mor. Brørne Kåre og Magne sit i midten, og far er til venstre.

    Foto: Privat / Havila
  • Svart-hvitt-bilde av Per Sævik som holder en fiskekasse, i bakgrunnen er havet

    Ein ung Per Sævik på havet.

    Foto: Privat / Havila
  • en mann i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Per Sævik fotografert i 1989.

    Foto: Ingar Storfjell / NTB
  • Njål og Per Sævik på Gardermoen etter at avtalen om Havile er klar. På vei til styremøte.

    Njål og Per Sævik på Gardermoen etter at avtalen om Havila var klar.

    Foto: Frode Berg
  • En gruppe menn i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Styreformann i Havila Shipping ASA, Per Sævik, ringer i bjølla i det selskapet blir notert på Oslo Børs i 2005. Til venstre administrerande direktør Njål Sævik.

    Foto: Cornelius Poppe / NTB
  • 81 år gamle Per Sævik på brua på skipet Havila Castor under konferansen om Stad skipstunnel.

    81 år gamle Per Sævik på brua på skipet Havila Castor under konferansen om Stad skipstunnel.

    Foto: Bård Siem
  • et par menn i dress (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Havila fekk kontrakt på kystruta Bergen–Kirkenes saman med Hurtigruta. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen offentleggjorde resultatet, og ein nøgd Per Sævik kunne gi statsråden eit godt handtrykk.

    Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Ved årsskiftet skal barna Vegard, Njål og Hege ta over. Sidan dei alle er rundt 50 år gamle og har vore med å leie selskapet lenge, meiner 85-åringen at tida er moden for at han skal trekke inn årene.

– Er du redd for at dei som kjem etter deg skal bruke opp pengane?

– Nei, det bekymrar meg ikkje. Eg trur dei tre barna våre har god bakkekontakt. Dei har tatt med seg mykje av den nøkternheita som eg meiner skal prege det vi held på med.

Verdiane skal leve vidare

Ifølge Njål Sævik har barna med seg trua frå oppveksten, men dei er ikkje like aktive kristne som foreldra.

– Men vi har ein klar ambisjon om å føre dei kristne verdiane vidare i firmaet. Dei er viktige både for å få med oss dei tilsette og for å vere ein god forretningspartnar. Ingen er viktigare enn andre, og alle skal behandlast likt.

Fem personer sitter rundt et bord i en spisestue. Noen av dem spiser mens de diskuterer, mens en bruker mobiltelefon. Det er glass med juice og melk, samt tallerkener med mat på bordet. I bakgrunnen ses en buffet med matservering. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Vegard Sævik tek over som dagleg leiar i det familieeigde investeringsselskapet Havila Holding, Njål Sævik (t.h) held fram som styreleiar og har ansvar for offshore-satsinga, medan Hege Sævik Rabben har ansvar for reiselivssatsinga.

Foto: Remi Sagen / NRK

Sjølv om Per Sævik gir seg som toppleiar, beheld han kontoret sitt i øvste etasje. Barna legg ikkje skjul på at faren har vore ein viktig sparringpartnar og rådgivar gjennom både opp- og nedturar – og dei håper han vil halde fram i den rolla.

Tunge år i motvind

Det har storma rundt selskapet fleire gonger. Sævik meiner nedturane dei har hatt offshore har vore det verste.

– Den nedturen som starta då oljeprisen kollapsa i 2014 og varte heilt fram til 2022, var frykteleg tung. Den vart så langvarig, og flåten vår i offshore blei nesten halvert. Det var ei veldig tøff tid – men det var det for mange andre òg.

– Fekk du hjelp frå øvre makter då det butta imot?

– Eg er glad for at eg har lært ein Gud å kjenne som er god også når livet ikkje går som ein håpar. For meg er trua eit fundament som er sterkt nok til å bere både oppturar og nedturar. Det gjer at eg står støtt i begge delar. Gud er god.

Favoritt-bibelverset står i Salmane.

En eldre mann går inn i et rom med glassdører, mens han bruker en rullator. I bakgrunnen ses kontormøbler og vinduer med utsikt over fjorden. Rommet har moderne interiør og er preget av naturlig lys. Bilder og dekorasjoner er synlige på veggene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Remi Sagen / NRK

Å tene Gud – og pengar

Haugianarane såg arbeid og entreprenørskap som eit kall. Pengane ein tente skulle sparast og investerast i ny verksemd. Å tene pengar og bygge opp kapital blei rekna som ei gjerning til ære for Gud.

Sævik meiner at det å leve som ein from kristen slett ikkje står i vegen for å gjere ein god handel.

– Men eg har aldri lagt skjul på at eg er sunnmøring og ikkje sløser. Samtidig håper eg folk sit igjen med eit inntrykk av at eg er ryddig og skikkeleg i forretningane.

Åge Remøy, som sjølv er ein sentral aktør i den maritime næringa og grunnleggjar av REM Offshore, meiner bedehuslivet aldri har vore eit hinder for Per Sævik i forretningslivet.

– Ubetinga nei. Han deltek gjerne i samanhengar der det både blir servert alkohol og fortalt vitsar. Han står for det han står for, og det har folk full respekt for, seier Remøy.

To personer sitter på en svart sofa i et rom med lys vegg. Den første personen har på seg en mørk jakke og har hendene krysset, mens den andre er iført en mørk dressjakke og en lyseblå skjorte. Begge ser rett frem og ser ut til å være i samtale. Det er ingen synlige grafiske elementer eller reklame i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Arne Flatin / NRK

På spørsmål om Sævik har vore ein tøff forretningsmann, er Remøy tydeleg.

– Du kan ikkje drive verksemd i 60–70 år utan å kome i situasjonar der du må ta tøffe val. Han har hatt mange slike situasjonar, som oss andre.

Bekymra for utflytting

Per Sævik er oppvaksen og bur framleis på vesle Remøya. To av dei tre barna bur også på øya, og den tredje berre nokre kilometer unna.

Bildet viser en kystlinje der en liten by ligger i en bukt, omkranset av åser. En stor båt ligger ved kai, mens det er flere bygninger i varierende størrelser i bakgrunnen. Himmelens fargetoner er grålige, og det svever en fugl over vannflaten. Omgivelsene gir inntrykk av en rolig, men dystert værforhold. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Remi Sagen / NRK

85-åringen seier det er utenkjeleg å bu nokon annan stad, men han forstår bedriftseigarar som vel å dra til Sveits. Sævik er bekymra over kva formuesskatten fører til.

– Det som skulle skape ringverknader og aktivitet i Noreg, kan i mange tilfelle gå tapt. Nye arbeidsplassar kjem ikkje av seg sjølve, og for oss som bur langs kysten er det heilt avgjerande at det finst nok kapital til å skape aktivitet og nyvinning.

Frå sjøstøvlar til slips

På veggen på kontoret heng korset like ved diplomet som viser at Sævik i 2012 blei utnemnd av Kongen til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for innsatsen for norsk skipsfart. Hyllene er fulle av minne, til dømes vimpelen han fekk då han var ordførar i Herøy.

Bildet viser en mann som sitter i en stol med lukket hender, iført dress. Bakgrunnen består av hyller med bøker og gjenstander, og store vinduer som slipper inn naturlig lys. Det er en refleksjon av vannet utenfor, som gir kontekst til rommets beliggenhet. Den generelle atmosfæren er rolig og profesjonell. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Remi Sagen / NRK

Han har vore både stortingsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, styreleiar i Helse Midt-Noreg og leiar i Rederiforbundet.

– Då eg var president i Rederiforbundet, brukte eg å seie at eg hadde gått fleire dagar i sjøstøvlar enn med slips. Det kan eg ikkje seie no.

Få personar har prega kyst-Noreg slik Per Sævik har gjort. Han seier det har vore ei spennande reise, og takkar Gud for det han har fått til.

– Eg veit ikkje heilt kva eg skal kalle meg i dag. Pensjonist, truleg.

Og firmanamnet? Det skal framleis vere Havila.

Publisert 25.12.2025, kl. 08.29

Read Entire Article