Framstillinga av internettkultur i film og seriar har interessert meg i eit par år no.
Sjølv om internett har blitt ein stor del av livet til dei aller fleste, og ikkje minst har endra korleis vi kommuniserer med, og forheld oss til, kvarandre, kan det vere vanskeleg å fange opp nyansane i dette på film.
Det gjorde meg spent på Netflix sin nye krimthriller, «Million-Follower Detective».
Direktestrøymde profetiar
I serien har heksa Baba tatt internettet med storm, og det er ikkje overraskande.
Med sine trufaste tarotkort spår ho kommande dødsfall, og for kvart riktige gjett veks merksemda rundt ho – spesielt når det viser seg at alle dei avdøde er influensarar.
MYSTISK MASKE: Heksa Baba spår dødsfall på internett, og får rett. Men kven står bak drapa?
Foto: NetflixDet er eit knakande godt konsept som straks opnar for mange moglegheiter.
Er ho sjølv innblanda? Brukar andre spådommane hennar som dekke for mord dei allereie har planlagt? Eller er det så enkelt som at Baba faktisk er synsk?
Vegen fram til å få svar på desse spørsmåla lever ikkje heilt opp til potensialet, men «Million-Follower Detective» er engasjerande nok til at eg heile tida vil vite meir.
Uventa ensemble
Hendingane set ikkje berre nettet i kok, men også politiet. Influensarmiljøet i Taipei set også i gang med sin eigen aksjon, som ikkje alltid går så godt saman med politiet sin.
I denne smørja finn vi karakterane våre.
KUL OG KLASSISK: Chia-jen er ikkje ein slåande original protagonist, men Ekin Cheng gjer seg godt i rolla.
Foto: NetflixChen Chia-jen (Ekin Cheng) er ein erfaren detektiv av sorten ein har sett før – god til å løyse saker og dårleg med folk. Som motvekt har han kollegaen Li Hsin-ping (Patty Lee). Ho er ung, lovande – og den einaste internettkyndige i eit departement av gubbar.
Ikkje at dei ser verdien av det, så klart.
REBELL: Li Hsin-ping (Patty Lee) er i teknokrimavdelinga, men slit med å få resten av departementet til å ta ho seriøst.
Foto: NetflixInfluensaren Lin Ting-yu (Shou Lou) blir også innblanda, redd for at han kan vere den neste Baba trekk kortet til.
Ingen av desse karakterane er revolusjonerande i seg sjølv, men eg fekk overraskande mykje glede av å sjå forholda mellom kvar av dei blomstre. Spesielt Chia-jen og Ting-yu sin overgang frå hat til å begynne å bry seg om kvarandre, sjarmerte meg.
Serien slit litt med tonen, og spesielt det som skal vere tragiske scener beveger seg ofte for langt inn i det melodramatiske. Chia-jen er enkemann, og kvar gong ein får eit tilbakeblikk til kona skjønner eg kvifor «dead wife flashback» har blitt eit omgrep.
Mykje av tida kan eg nesten kjøpe det som camp, men når handlinga skal røre med tema som vald i nære relasjonar, blir det litt kleint.
Uforløyst potensial
Reint utanom at dei fleste av influensarane i serien er smådumme og ufyselege, har ikkje «Million-Follower Detective» så mykje å seie om internettkulturen han smykkar seg med.
«EKSPERTHJELP»: Ting-yu (Shou Lou) prøvar å lære Chia-jen (Ekin Cheng) korleis han kan imponere dottera si.
Foto: NetflixFørste episode lokkar med ideen om Chia-jen som ufrivillig influensar, ein viral, valdeleg politimann som alle held auge med, men serien tek det aldri lenger enn slengkommentarar.
Det er skuffande, særleg når internettaspektet var det som drog meg til serien i utgangspunktet.
Samtidig vil eg ikkje kalle det eit komplett bomskot.
GUTTA: Livet til Ting-yu (Shou Lou, nede til venstre) og vennane tek ei brå vending i «Million-Follower Detective».
Foto: NetflixSjølv når det er overflatisk, gir internett-estetikken ein livleg energi til serien – for eksempel når ein fleire gonger får sjå dei overproduserte videoane influensarane lagar. For det som elles er eit ganske konvensjonelt «whodunnit»-krimdrama, gjer desse grepa meirsmak.
Trass i at konseptet ikkje blir utnytta til det fulle, hadde eg det gøy med «Million-Follower Detective». Krimklassikar blir han nok ikkje, men som underhaldning gjer han jobben sin.
Publisert 19.02.2026, kl. 09.28
















English (US)