Du har kanskje høyrt det før: Ein har ikkje meir moro enn ein lagar sjølv.
Sjeldan har eg sett det vere så sant for eit videospel som det er i «Tomodachi Life: Living the Dream».
Som den overmenneskelege styraren av ei øy, passar ein på Miiane som bur der og følgjer med på kva dei finn på.
Resultatet ligg ein stad mellom reality-TV og naturdokumentar.
Di eiga øy
Kven som får bu på øya, er opp til kvar enkelt spelar. Ein må nemleg lage innbyggarane sjølv, frå utsjånad til personlegdom, kjønn og romantiske preferansar.
Om to av dei fell for kvarandre, kan dei gifte seg å få barn.
Øya mi enda raskt opp som ein ustyrleg kombo av favorittkarakterane mine frå ulike stadar og originale påfunn. Å sjå dei ulike universa krasje inn i kvarandre blei fort høgdepunktet.
IDYLL: Ekteskap og tamt flodsvin - livet kan vere herleg i «Tomodachi Life: Living the Dream».
Foto: NintendoSom spelar kan ein til ein viss grad kontrollere forholda mellom figurane på øya, mellom anna ved å få dei fysisk til å møte kvarandre.
Om dei har slåst eller forelska seg, kan ein også dytte dei i rett retning - eller på villspor, om ein vil ha drama. (Medan eg skriv dette er tre av Miiane mine forelska i same person).
Samtidig lever dei sine eigne liv, også når ein ikkje speler. Å observere kva dei finn på utan di hjelp er ein stor del av spelopplevinga.
Slepp kreativiteten laus
Med framgang, som kjem ved å hjelpe Miiane eller gi dei gåver, er premien moglegheita til å pynte på øya, samt å gi Miiane kjenneteikn eller «quirks», som gjer dei meir til «seg sjølv».
Ein kan velje korleis dei bevegar seg, står og helsar.
I dette ligg sjølve sjela i «Tomodachi Life: Living the Dream». Det er inga større handling eller store mål: Berre å ha det gøy og lage si draumeøy.
FORSTØRRINGSKVISS: Enkle minispel er ein av måtane Miiane i «Tomodachi Life: Living the Dream» interagerer med spelaren.
Foto: NintendoBåde som gudeskikkelse og venn for Miiane har ein innverknad på kva som går føre seg på øya. Ord og uttrykk ein skriv inn i samtalar med Miiane blir del av det vesle samfunnet sitt språk, og vil dukke opp i framtidige, ofte uventa, samtalar.
Ulikt Nintendo er det heller ingen ordfilter eller anna sensur, slik at ein ironisk nok kan vere så barnsleg som ein vil.
Spelet sin dialog og situasjonane Miiane hamnar i har ein tørr, absurd humor i botn, og resultata er ofte slåande morosame.
Kunne gjort meir
Eg har hatt mykje moro med «Tomodachi Life: Living the Dream».
Det kan alle venane mine som har fått bilete etter bilete av dei digitale krapyla skrive under på.
Likevel merka eg at etter ei vekes tid hadde eg fått litt nok.
Før særleg mange timar har gått, begynner ein å kjenne igjen mønstera. Orda endrar seg, men situasjonane er dei same. Dialogen gjentek seg, og dei morosame overraskingane blir rutine.
FRYDEFULLE TILFELDIGHEITER: Ein kan ikkje føresjå korleis Miiane brukar språket dei har fått, så det er ekstra stas når samtalane gir meining.
Foto: NintendoÅ halde ting nytt og spennande blei mitt ansvar, heller enn spelet sitt.
Det er spesielt skuffande med tanke på kor mykje innhald frå førre spel i serien, til 3DS, som ikkje har blitt med her. Sjølv om dei fleste basisfunksjonane er kraftig forbetra.
For premiumprisen Nintendo tar, hadde eg forventa meir.
Likevel er det ikkje til å leggje skjul på at «Tomodachi Life: Living the Dream» er god underhaldning for dei som vil gjere ein skikkelig innsats.
Det som er her, elskar eg - sjølv om ein god leikeplass bør ha fleire stativ å boltre seg på.
Om spillet
Tittel: «Tomodachi Life: Living the Dream»
Utvikler: Nintendo
Utgiver: Nintendo
Sjanger: Simulasjon
Alder: PEGI 3+
Plattform: Nintendo Switch, Nintendo Switch 2
Utgivelsesdato: 16 april 2026









English (US)