Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_f68f5a6c83abd30e53935b4563844ed0, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
«Vakkert rot» - NorwayToday

«Vakkert rot»

2 hours ago 1


Liv etter døden, tids­reising og laus tolking av «Hamlet» – ingen kan skulde anime­mester Mamoru Hosoda sin nyaste film «Scarlet» for å ikkje vere ambisiøs.

Manuset vaklar likevel under vekta av alle ideane.

Prinsessa Scarlet (Mana Ashida) vaknar blant lik i ei ukjend verd. Heilt sidan far hennar vart avretta i barn­domen, har ho trent for å kunne ta hemn på mannen bak: onkelen Claudius (Koji Yakusho).

No er det for seint.

Eller?

Utsnitt fra tegnefilm. En kvinne med rosa hår er i nærkamp med en ukjent fiende. Hun ligger på ryggen og prøver å holde spissen på et sverd unna ansiktet sitt.

DRAMATIKK: «Scarlet» sine kampsekvensar er eit høgdepunkt.

Foto: SF Studios

Det viser seg at ho har hamna i det hinsidige, og ho er ikkje aleine, Claudius er der også. Jakta på hemn fortset.

Spennande univers

I det hinsidige smeltar tid og rom saman. Folka her er henta frå ulike epokar og kantar av kloden, og for Scarlet blir Hijiri (Masaki Okada) ein uventa alliert. Medan ho sjølv er frå Danmark i mellom­alderen, er han ein ung ambulanse­arbeidar frå dagens Japan.

Utsnitt fra tegnefilm, hvor en mann står i et tåkete terreng og sikter en pil med en stor bue.

HJELP FRÅ SIDELINJA: Hijiri slåst helst ikkje, men ein har ikkje alltid eit val.

Foto: SF Studios

Sjølv om kjemien mellom dei to ikkje er så krydra som han burde vere, er det ein interessant kombinasjon: Ei kvinne som har dedikert livet til vald og ein mann som prøver å redde alle han kjem over. Ho er rein hemn i kvinne­form som må lære seg å leve, han er snill mot alt og alle.

Stil­eksperiment

Medan japansk film­industri har halde hardare på teikne­filmen enn dei fleste, begynner 3D-animasjon å få eit fotfeste der òg.

Det har eg blanda følelsar for. Spesielt sidan målet ofte er å lage 3D-animasjon som ser ut som klassisk teiknefilm, heller enn å utnytte dei stilistiske mogleg­heitane til det nye formatet.

  • Utsnitt fra tegnefilm. En kvinne med rosa hår, flette og blomsterkrans viser en mann med skjegg et lerret. Bak dem hviler store skip i en bukt.

    STILSKIFTE: Scenene sett til den vanlege verda er animert på tradisjonelt vis.

    Foto: SF Studios
  • Utsnitt fra tegnefilm, hvor to menn i middelaldersk bekledning går side om side mot kamera, over en stor og bratt fjellrygg.

    REALISME: Skilnaden i stil mellom omgjevnadene og karakterane er merkbar i «Scarlet».

    Foto: SF Studios
  • En kvinne med rosa hår og en mann med kort svart hår står foran skyer som gjennomtrenges av sollys. Mannen holder rundt kvinnens skuldre. Utsnitt fra tegnefilm.

    HIMLA PENT: Scarlet og Hijiri ser teikna ut, medan himmelen nesten kunne vore eit fotografi.

    Foto: SF Studios

3D-animasjon, som baserer seg på modellar, er fantastisk for å halde eit konsekvent høgt nivå av detaljar. Fordelen til tradisjonell 2D-animasjon er kor god kontroll ein får på flyten, sidan kvart bilete er ei ny teikning.

«Scarlet» har dessverre for mange scener der eg føler at detalj er valt over flyt.

Filmen har ein distraherande kontrast mellom dei nesten foto­realistiske om­gjevnadane og dei stiliserte karakterane.

Utsnitt fra tegnefilm. En kvinne med rosa hår kjefter på en korthåret mann som har et sår i pannen.

LIKE BARN?: Scarlet og Hijiri har ikkje så mykje til felles til å begynne med.

Foto: SF Studios

Sjølv om animasjonen er imponerande uttrykks­full, er det òg augeblikk der han rett og slett er for stiv for den emosjonelle intensiteten som filmen går for.

Der kjem ein til eit anna problem: det følelses­messige.

Upolert hjarte

Regissør og manusforfattar Hosoda har alltid hatt ein for­kjærleik for å pirre tåre­kanalane. Eg kan ikkje sjå «Wolf Children» (2012) utan å bli dehydrert.

Det har mykje å gjere med korleis han skildrar vanlege, truverdige personar i over­naturlege situasjonar: Han skaper bruer mellom det dagleg­dagse og ekstra­ordinære. I dette ligg det eit enormt potensiale for ektefølte, relaterbare situasjonar og karakterar.

Det saknar eg i «Scarlet».

Sjølv om eg likar dei godt nok, er Scarlet og Hijiri ganske flate karakterar. Filmen vil gjerne at ein skal føle for dei, men manglar solid grunnlag for kjenslene.

Utsnitt fra tegnefilm. Vi ser nærbilde av en drage i et stormfullt, tåkene landskap.

STEMNINGSFULL: «Scarlet» sitt mørke og eksistensielle univers kunne vore djupare, men vibbane er på plass.

Foto: SF Studios

Grining, skriking og ein ekstremt tilfeldig danse­sekvens tek opp plass der subtil karakter­utvikling hadde verka betre. Dialogen er ofte på kanten til det banale.

Grein eg likevel på slutten? Eg er ikkje stolt av det, men ja.

Hosoda sin visjon om fred mellom folk, på tvers av tid, rom og kultur, er kanskje naiv, men han treff meg. For kvar scene der eg følte at noko ikkje funka, var det ei anna der brikkene falt på plass. Augeblikk der animasjonen skin og lyd­sporet svell for å støtte han.

Det er langt ifrå nok til å gjere «Scarlet» så god som han burde ha vore, men eg forlét kino­salen glad for å ha sett han.

Publisert 19.02.2026, kl. 16.06

Read Entire Article