Fulle kinosalar i mai: – Vi er på veg mot eit godt filmår

6 hours ago 2


– Mai blei ein fin månad for norske kinoar. Vi har hatt og har mange sterke filmtitlar på menyen, både for store og små.

Det seier administrerande direktør i Film & Kino, Espen Lundberg Pedersen, i ei pressemelding om kinobesøka i mai.

Norske kinoar kan ifølge Film & Kino sjå tilbake på ein sterk mai månad. Nye tal viser at det blei selt 621.909 kinobillettar i Noreg i løpet av månaden. Det er ein auke på 83.355 billettar samanlikna med mai i fjor.

Totalt er det selt 3.429.310 kinobillettar dei fem første månadene i år, mot 3.107.673 i same periode i 2025.

To racerbiler står ved startstreken ved Triumfbuen i Paris.

«Flåklypa – Frå Paris til pyramidane» er den mest sette norske filmen sidan premieren 25. desember i 2025.

Foto: Qvisten Animation/Nordisk Film Distribusjon

Barnefilm på topp

Etter dei fem første månadene i år er «Super Mario Galaxy Filmen» årets mest sette kinofilm i Noreg med 292.249 selde billettar sidan premieren 1. april.

På andreplass følger thrilleren «The Housemaid», som har selt 199.631 billettar.

Saman med norske filmar kan kinoane i Noreg vise til gode besøkstal.

«Flåklypa – Frå Paris til pyramidane» er den mest sette norske filmen. Den har selt totalt 471.500 billettar sidan premieren 25. desember i fjor.

– Det er fint å registrere at norske filmar gjer det skarpt i norske kinosalar. Ein ting er «Flåklypa – Frå Paris til pyramidane», som blei ein hit som film. Men vi ser også at «Kraken», «Havfolket» og fleire norske filmar gjer det sterkt på heimebane, seier Lundberg Pedersen.

Dokumentaren «Havfolket», som er sett saman av arkivklipp gjennom nesten hundre år langs kysten, er sett av 111.024 på kino.

Reinsve-film fyller salane

Den norske skodespelaren Renate Reinsve har markert seg på den raude løparen det siste året. Nå toppar hennar siste kinofilm, «Backrooms», kinolistene både i USA og Noreg.

Filmen har i løpet av opningshelga spelt inn 81,5 millionar dollar (om lag 860 millionar kroner) i USA og Canada.

I Noreg toppar han også besøkslistene etter premierehelga. 39.997 kjøpte billett til grøssarfilmen, som dermed passerte «Michael» med «Obsession» på kinolista.

En mann med briller iført skjorte og blazer ser rett inn i kamera. Han har sideskill, og et lite smil om munnen

Espen Lundberg Pedersen er administrerande direktør i Film & Kino. Han ser veldig positivt på resten av kinoåret.

Foto: Navninder Singh Mann / NRK

Håpar på vedhaldande vekst

Film & Kino melder at i 2025 blei det selt 8,4 millionar kinobillettar i Noreg. Det er opp frå 8,2 millionar i 2024, og 7,9 millionar selde billettar i 2023.

Espen Lundberg Pedersen seier i pressemeldinga at utviklinga peikar mot enda eit godt kinoår.

– Vi så nyleg at «Fjord» vann Gullpalmen i Cannes, og norsk film har stor internasjonal suksess for tida. Eg trur på ein fin auke i talet på selde billettar frå 2025 til 2026, seier Lundberg Pedersen, som trekker fram at titlar som «Toy Story 5», «Supergirl», «Vaiana», «The Odyssey» og «Spider-Man: Brand New Day» har kjem på kino i sommar.

– Dette kjem til å bli ein god kinosommar uansett vêr.

Publisert 02.06.2026, kl. 07.13

Read Entire Article