E39 stengd etter bilbrann i tunnel

3 months ago 20


Vi rapporterer frå Kristiansand

Publisert 31.07.2024, kl. 12.58 Oppdatert 31.07.2024, kl. 13.04

– Det skal vere kontroll på brannen, sa operasjonsleiar i Agder-politiet, Linn Andresen ved 13-tida.

Det er austgåande løp mot Kristiansand som er stengd, opplyser politiet.

Omkøyring er skilta.

Det var to personar i bilen då det tok fyr. Ingen av dei skal vere alvorleg skadde.

– Det skal ha vore ein ulmebrann. Ein person har truleg fått i seg røyk og vil bli undersøkt, seier Andresen.

Det er førebels uvisst når tunnelen opnar att.

– Vi vil nok måtte vente litt med å opne opp. Tunnelen må luftast og bilen må takast ut. Kor lang tid dette vil ta er vanskeleg å seie, seier Andresen.

Publisert 31.07.2024, kl. 12.58 Oppdatert 31.07.2024, kl. 13.04

Read Entire Article