Demonstrasjonar i Southport etter knivangrepet

3 months ago 24


Det var måndag at fleire born blei knustukke under eit dansearrangement i den lille byen Soutport i England.

Tre jenter døde som følge av hendinga. Fleire er kritisk skada. Ein 17 år gamal er sikta for drap og drapsforsøk.

Tysdag kveld er det opptøyer utanfor ein moske i byen.

Sky News melder at demontrantane har kasta mursteinar mot politet.

Fordømmer falske rykter

I ei pressemelding seier Poltiet at dei mistenker den høgre-ekstreme gruppa English Defence League for å stå bak.

Dei skriv at ein tilsett i politet har knekt nasa og ein politibil er sett fyr på. Flasker og gjenstandar blir også kasta mot politet, skriv dei.

Dei seier at opptøyene er knytta til falske opplysningar om 17-åringen som er sikta for for drap og drapsforsøk.

Det har blitt spreidd falskt namn og bilde av det dei hevdar er den drapsikta. Dette avkreftar politet.

– Nokre bruker dette til å drive med vald og uro i gatene våre, seier politibetent Alex Goss.

På sosiale medium blir det spreidd opplysningar om at den drapssikta er ein asylsøkar som kom til landet med båt, medan britisk politi stadfestar at 17-åringen er frå Wales.

– Vi har allereie sagt at personen er fødd i Storbritnannia, og desse rykta hjelper ingen på dette tidspunktet, skriv politet i pressemeldinga som er gjengitt av Sky News.

Publisert 30.07.2024, kl. 22.28 Oppdatert 30.07.2024, kl. 22.39

Read Entire Article