Blei inspirerte av opptøyane i Kenya – no strøymer nigeriansk ungdom ut i gatene

3 months ago 52


Dei siste dagane har fleire tusen unge menneske teke til gatene i Nigeria.

Nigerianarar er misnøgde med stadig høgare levekostnadar på grunn av økonomiske reformer som president Bola Tinubu har sett i gong etter at han kom til makta i 2023.

Demonstrantane har vorte møtt med tåregass og skarpe skot.

Minst sju menneske er drepne og meir enn 700 har vorte arresterte dei siste tre dagane, ifølgje BBC.

Minst 50 av dei arresterte er journalistar.

Skada mann

Ein demonstrant ligg på bakken og ser på skadane sine etter samanstøyt med nigerianske tryggingsstyrkar under End Bad Governance-protesten i hovudstaden Abuja.

Foto: KOLA SULAIMON / AFP

– Protestane er trigga av ei aukande økonomisk krise. Dei handlar om å få eit betre demokrati og få slutt på omfattande korrupsjon, seier Nigeria-ekspert Camilla Houeland.

Nigeria er det mest folkerike landet i Afrika med om lag 218 millionar innbyggjarar og er den fjerde største oljeprodusenten på kontinentet.

Høge levekostnadar

Tinubu har mellom anna fjerna subsidiar på drivstoff og slutta å binde den lokale valutaen til dollaren.

Det har ført til at landets valuta har mista mykje av sin verdi ifølgje Houeland.

Mann med briller og tradisjonelle nigerianske klær.

Nigerias president Bola Tinubu.

Foto: FAYEZ NURELDINE / AFP

Prisen på drivstoff har auka, det same har prisen matvarer som har auka med over 40 prosent sidan i fjor.

– Folk i Nigeria er leie, frustrerte og sinte. Dei er leie gamle menn som karar til seg ressursar og makt. Dei er leie av å få lite att av landets enorme naturressursar, seier Houeland ved Fafo.

Fleire menneske som held plakatar

Demonstrantar samlar seg under End Bad Governance-protesten i Lagos.

Foto: BENSON IBEABUCHI / AFP

Ho har forska på protestar, fagrørsla i Nigeria og korleis olja påverkar landets økonomi.

Dei auka prisane har ikkje falle i god jord hos befolkninga. Allereie i juni protesterte dei i hovudstaden Abuja, og den største byen Lagos.

«#EndBadGovernance»

Dei siste dagane har demonstrasjonane blussa opp att etter protestane i Kenya. Der organiserte unge seg på sosiale medium og klarte å tvinge regjeringa til å skrote planar om å auke skattar.

Måndag har demonstrasjonane roa seg med berre hundrevis i gatene.

Houeland seier ho trur det mest sannsynleg vil kome nye protestar.

Demonstrantane organiserer seg gjennom sosiale medium under emneknaggen «#EndBadGovernance».

– Dei er inspirerte av demonstrasjonane i Kenya. Nigerianarar er frustrerte og sinte på staten som ikkje tek vare på dei, og er leei av dårleg fordeling av ressursane og korrupsjon.

IQlnbPL_6DM

Demonstrantar held ein plakat medan dei samlar seg bak piggtråd under End Bad Governance-protesten i Abuja.

Foto: KOLA SULAIMON / AFP

Ifølgje Houeland er det uklart kven som organiserer demonstrasjonane, men både organisasjonar og vanlege folk står bak.

Nigeria har ei historie med jamlege opptøyar, nett fordi folket vert lei den økonomiske ulikskapen og avgrensa demokrati, fortel forskaren.

– Tinubu vant med 37 prosent ved valet i 2023. Berre 29 prosent av dei registrerte veljarane røysta.

Ber dei unge om å bli heime

I ein tale som vart vist på lokale TV-kanalar, appellerer Tinubu til folket: «Mine kjære nigerianarar, spesielt våre unge, eg har høyrt dykk tydeleg og klart».

Han legg til at han forstår deira smerte og frustrasjon.

Tinubu har ikkje imøtegått krav frå demonstrantane, men har forsvart dei økonomiske reformene.

Nigerian police personnel patrol the streets, amid ongoing anti-government demonstrations against bad governance and economic hardship, in Lagos, Nigeria August

Nigeriansk politi patruljerer gatene, i pågåande demonstrasjonar mot dårleg styring og økonomiske vanskar, i Lagos, Nigeria.

Foto: Francis Kokoroko / Reuters

Styresmaktene har innført portforbod i fleire nordlege statar.

– Portforbod, tåregass og skot frå politiet, samt truslar om militær intervensjon er ikkje demokratiske reaksjonar, seier Houeland om korleis demonstrantane har vorte møtte.

Amnesty International har bede styremaktene i landet om å sette i verk tiltak for å beskytte menneskerettane til demonstrantane.

Nestleiar i Representanthuset Bejamin Kalu har føreslått å halvere lønna si. Nigeria har nokre av verdas best betalte parlamentarikarar, ifølgje The Guardian.

Protester Nigeria

Folk protesterer i gatene i Kano, Nigeria.

Foto: Sani Malkatanga / AP

Opposisjonen har kome med kritikk av handteringa av protestane.

Fleire i regjeringa har skulda opposisjonen for å stå bak protestane for å undergrave regjeringa.

På spørsmål om protestane vert orkestrerte av opposisjonen, seier Houeland at dei er reelle protestar, drivne fram av vanlege folk.

Publisert 06.08.2024, kl. 07.28 Oppdatert 06.08.2024, kl. 07.47

Read Entire Article