– Bilane blir smartare, men vi bulkar meir

3 hours ago 4


– Folk stoler meir blindt på bilen, seier Kristoffer Nevland.

Han jobbar hos Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger.

Bilverkstaden har ikkje statistikk, men han trur at om lag halvparten av skadane dei reparerer, har ulike sensorar i bilen som ingrediens.

Merksemd hos ein bilførar er viktig for at ulukker ikkje skal skje, men det er ikkje det denne saka handlar mest om.

Men ryggekamera. Avstandsfølar. Blindsone-sensor.

Kristoffer Nevland hos Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger

Kristoffer Nevland hos Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger har fleire gonger opplevd at kundar seier at bilen ikkje gav dei beskjed om kor nær dei var ei hindring. Han har også par som skuldar på kvarandre, den eine når bilen blir levert og den andre når bilen blir henta.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Moderne bilar vil hjelpe deg å køyre, men det er ikkje alltid dei hjelper deg med alt du ventar at dei skal hjelpe deg med.

– Kunden kan seie: «Eg såg ikkje den på kameraet», seier Nevland.

Smartare bil = meir bulking

I Haugesund er sensorane trekt fram som ei forklaring på dei lange ventelistene hos ein verkstad, ifølge Haugesunds Avis.

Norges Bilbransjeforbund (NBF), som har verkstader over heile Noreg som medlemmar, har heller ikkje tal. Men for NBF er det «ein kjent diskusjon».

Bil utanfor Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger

Ein bil ventar på å bli fiksa hos Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger. Kristoffer Nevland veit ikkje akkurat korleis denne skaden skjedde, men like til høgre kan ein sjå ryggekameraet.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Også for forsikringsselskapet Fremtind er det kjent. Saman med Sintef, Nord universitet og Trygg Trafikk står dei bak ein rapport om korleis skjermane i bilen kan stele merksemda di.

Sjølv om forskinga ikkje handla om korleis bilane kan hjelpe føraren, stadfester Fremtind at det er fleire skadar knytte til sensorar nå.

– Det er jo eit paradoks at bilane våre blir smartare og smartare. Men vi bulkar jo stadig meir, seier Therese Hofstad-Nielsen, som er skadeførebyggar i Fremtind.

Skadeforebygger i Fremtind, Therese Hofstad-Nielsen

Therese Hofstad-Nielsen hos Fremtind forsikring seier vi bulkar meir, men at sensorane i bilane også hindrar mykje av det som kunne skjedd.

Foto: Fremtind

Heller ikkje dei veit akkurat kor mange saker dei har i løpet av eit år kor sensoren ikkje har gitt føraren den informasjonen hen venta. Hofstad-Nielsen peiker også på alle skadane som sensorane hjelper til at ikkje skjer.

Og at det til sjuande og sist er ditt ansvar. Ikkje bilen sitt.

– Viss det til dømes har vore mykje snø, fungerer kanskje ikkje sensorane like godt. Dei er meint som ei støtte, men vi kan ikkje overlate alt ansvaret til dei, seier ho.

Trygg Trafikk: – Viktig utstyr

Storebrand og Gjensidige ser det same som bilbransjen og Fremtind. Det gjer også If. Pressesjef Sigmund Clementz har vore opptatt av «det automatiske» i fleire år.

– Dei er hjelpemiddel. Dei erstattar ikkje ditt ansvar som bilførar etter vegtrafikklova og køyretøyforskrifta. Dei viktigaste sensorane som er i bilen, er dine sansar, slår han fast.

Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger

Det er ein liten kø utanfor Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger. Kristoffer Nevland vil anslå at sensorar i bilen har hatt ein rolle i om lag halvparten av dei mindre skadane verkstaden tar seg av.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Statens vegvesen peika i fjor på at teknologi medverkar til fleire ulukker. Så ein skulle kanskje tru at ein organisasjon som Trygg Trafikk ville ha færre, ikkje fleire, sensorar i bilane.

Organisasjonen seier talet på bilskadar går opp, særleg på nyare bilar. Men fagsjef for trafikksikkerheit, Bård Morten Johansen, vil ikkje skru dei av.

– Det meste av utstyret er viktig for oss. Vi har førebels litt for kort erfaring til å gi noko godt bilde av kva det betyr, men dei fleste eksempla på førarstøtte er berre positivt, seier han.

På bilverkstaden i Stavanger veit ikkje Kristoffer Nevland kva han helst ville forandra på viss han fekk bestemme. Bilane eller førarane.

Sjølv hadde han som bilførar ikkje turt å stole på 360-graders kamera eller bilar utan speglar (dei finst, ifølge Nevland).

– Dette er brukarfeil. Eg trur mange har gløymd det dei ein gong kunne, seier han.

Bil med skade hos Nevlands Bil og Karosseri AS i Stavanger

Heller ikkje denne skaden veit Kristoffer Nevland akkurat korleis skjedde, men det er slike skader han meiner kan komme viss ein bilførar stolar for mykje på sensorar i bilen.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

Publisert 31.01.2025, kl. 05.50

Read Entire Article