– Ei bølge av endring slår gjennom landet.
– Min bodskap til amerikanarar i dag er, at det er på tide at vi igjen handlar med mot, drivkraft og livsgneiste til den mest storslegne sivilisasjonen i historia.
Dette skal Donald Trump seie når han i kveld trer inn som USAs 47. president, skriv journalistane i The Wall Street Journal. Med det erstattar han Joe Biden.
Avisa skriv at det blir ein optimistisk Trump som introduserer sin nye presidentperiode – sjølv om han er kjend for å nokre gongar vike frå manus.
Avisa skriv vidare at han kjem til å kalle for ein «fornuftsrevolusjon».
Sidan Trump vann presidentvalet i november, har han kome med mange løfter om kva han skal gjere dei første dagane.
Under seremonien er han venta å signere 200 presidentordrar og offisielle utsegn. Førstnemnde blir lovleg bindande.
Kaldaste innsettingsdagen sidan 1985
Trumps nye visepresident JD Vance skal etter planen avlegge eid klokka 17.30 norsk tid. Presidenten sjølv skal gjere det same klokka 18.
Ute er det minus tre grader, og fleire supporterar har delt video frå køen ikledd skjerf og øyrevarmarar.
Det er den kaldaste innsettingsdagen sidan 1985. Temperaturen har gjort at seremonien blei flytta innandørs. Ute kan publikum følge med på storskjerm.
Noregs ambassadør til USA, Anniken Huitfeldt, seier ambassadørane har fått plass i eit rom ved sidan av sjølve seremonien.
– Vi er litt letta, seier ho til NRK.
– Vi som nordmenn veit at ein ikkje kan sitje stille i kulda, og ein kan liksom ikkje stå og hoppe som ambassadør.
Før innsettinga blei flytta innandørs, var det ein kvart million menneske som hadde fått bilettar til å delta. Inne er det berre plass til 20.000.
På plass i god tid
Ein og ein halv time før dørene opna, møtte NRK tre norske politikarar i køen: Ketil Solvik-Olsen (Frp), Marius Nilsen (Frp) og Ola Borten Moe (Sp).
– Alt er storslått i Amerika. Til og med køane, seier Solvik-Olsen til NRK.
Amerikanaren Monica Bergen er også på plass der seremonien skal skje. Ho er klar på kva det aller viktigaste Trump kan gjere for USA er: få økonomien på plass.
– Vi må kome oss tilbake til der vi var for fire år sidan, seier ho til NRK.
Bergen trur og håpar at det første han vil gjere som president er å massedeportere innvandrarar. Ho peikar på at dette er særleg viktig for delstaten Texas, der ho bur.
Publisert 20.01.2025, kl. 16.28 Oppdatert 20.01.2025, kl. 16.58