Minst 15 arresterte etter dødsbrann i Nord-Makedonia

15 hours ago 3



Lokalt politi har arrestert minst 15 personar etter brannen på ein nattklubb i Nord-Makedonia som tok livet av 59 menneske. Fleire medium skriv at 15 er arresterte, medan til dømes Sky News skriv at rundt 20 er arresterte.

Nattklubben hadde ikkje løyve til å drifta i lokalet, men skal ha fått eit ulovleg løyve frå finansdepartementet, ifølge statsminister Hristijan Mickoski. Det skriv Sky News.

Klubbsjefen er ein av dei arresterte, ifølge innanriksminister Pance Toskovski.

Fleire offentlege tilsette er òg blant dei arresterte, ifølge innanriksministeren.

Ein mistenker at brannen kan knytast til korrupsjon og bestikkingar.

Førebels trur ein at gnistar frå pyroshowet under ein konsert førte til brannen.

Read Entire Article