– Om nærskulen din skal byggast ut, då vil du vete om det og kome med innspel, seier Anette Sollid, rådgjevar i Sunnfjord kommune.
I juni tok kommunen i bruk Innbyggarappen for å nå ut med relevant informasjon til innbyggarane sine.
På lang sikt ønskjer dei å bruke andre alternativ enn Meta sine plattformer.
Anette Sollid, rådgjevar for kommunikasjon og digitalisering, håper Innbyggarappen styrker innbyggaren si tilknyting til kommunen.
Foto: Maren Braut / NRK– Me ser at det er vanskeleg for innbyggarane å få oversikt over kva som skjer. Det er mange kanalar å finne fram i og utruleg oppstykka, fortel Sollid.
1800 innbyggarar
Gjennom appen kan innbyggarane mellom anna få vete kva som skjer i nærleiken og seie si meining om politiske vedtak som er på høyring.
Frå den kommunale innboksen kan du få informasjon om alt frå utbetring av vegar til badetemperaturar.
Foto: Maren Braut / NRKTil no er det rundt 1800 innbyggarar i Sunnfjord som har lasta han ned.
Tal frå SSB viser at det totalt bur 22 764 innbyggarar i kommunen.
– Det er ikkje det høgaste talet endå. Etter kvart håper me fleire vil finne vegen. Det er ikkje berre kommunen som skal fylle han med innhald, men også innbyggarane, legg rådgjevaren til.
Dei unge sunnfjordingane synest appen ser ut til å vere eit bra konsept.
Foto: Maren Braut / NRK15 år gamle Vilja Hustadnes Øyen og Selma Smørdal Sørland hadde ikkje høyrt om appen til kommunen, men er ikkje negative til å laste han ned.
– Eg ser dei har ei side for ungdom også, slik at me kan bli oppdaterte på kva som skjer for oss. Det verkar smart.
Krevjande for kommunen
Sollid trekkjer fram at det er krevjande for kommunen å vere på Meta sine tenester, sidan dei ikkje fylgjer reglane for personvern i Noreg og EU.
I framtida ønskjer Sunnfjord kommune å bruke andre plattformer enn Meta sine.
Foto: AFPPå Facebook har kommunen skrudd av kommentarfelt og deler færre bilete enn før.
– Innhald frå kommunen kjem ikkje opp i nyheitsstraumen til innbyggarane som er der, seier rådgjevaren.
Om du kunne bestemt, korleis ville du fått informasjon frå kommunen?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Overraska
Innbyggarappen er utvikla av selskapet Innocode.
– Me har merka at kommunar tek kontakt, men er overraska over at det ikkje er fleire, fortel Morten Holst, leiar for strategi og forretningsutvikling i Innocode.
Gjennom denne appen er brukarane anonyme og det blir ikkje samla inn informasjon om dei.
Eit anna alternativ er det norske sosiale mediet Hudd.
Eigil Tarjem, ein av gründerane bak, opplever stor pågang frå kommunane og seier dei er dialog med fleire.
– Ein bismak
I august vart Sandnes kommune den første kommunen på Hudd, og fleire har teke kontakt for å spørje om deira erfaring.
– Me har lenge kjent på ein bismak ved å bruke dei store globale sosiale media, seier kommunikasjonssjef Tove Sæther Hagland.
Kommunikasjonssjef i Sandnes kommune, Tove Sæther Hagland, seier at dei bruker fleire plattformer for å nå innbyggarane.
Foto: Sandnes kommuneKommunen meiner dei manglar kontroll over brukardataa som blir samla inn.
– Når Meta varsla at dei vil bruke vanlege folk sitt innhald til å trene kunstig intelligens modellane sine, så kjente me at tida var inne for å finne alternativ, fortel kommunikasjonssjefen.
Desinformasjon
Nesodden kommune er også ein av dei som har teke i bruk denne norske appen.
Karianne Muldal Erlandsen, kommunikasjonsansvarleg, seier at mange forlèt Facebook til fordel for andre typar plattformer.
– Hudd svarer på utfordringane som Facebook har når det kjem til algoritmar, personvern, falske profilar og desinformasjon, fortel Erlandsen.
– Kapplaupet om teknologien
Helle Sjøvaag er professor i journalistikk ved Universitetet i Stavanger.
Helle Sjøvaag ved Universitetet i Stavanger meiner det er bra for innbyggarane at kommunane bruker nye plattformer.
Foto: Line Owren FotografiSjøvaag forskar blant anna på digitale infrastrukturar i Noreg, Sverige og Danmark.
Ho meiner avhengnaden vår til dei store teknologiselskapa berre aukar.
– Google og Facebook leverer mange tekniske tenester til dei kommunale nettsidene. Og samlar inn store mengder data frå innbyggarane som besøker nettsidene, seier professoren.
Ho legg til at selskapa som samlar mest data om brukarane konkurrerer i kappløpet om teknologien.
– Det at kommunane vel å finne alternative løysningar er bra for innbyggarane, fortel Sjøvaag.
Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med Meta i denne saka.
Publisert 26.09.2025, kl. 19.15