Tobarnsfaren Omri Miran er det eldste av dei attlevande gislane. Han blei bortført frå kibbutzen sin, som ligg nær Gazastripa.
Måndag feira familien hans at han endeleg var heime igjen.
– Etter over 700 lange, smertefulle og pinefulle dagar, skal Omri endeleg få ein lækjande omfamning av Roni og Alma, skriv dei i ei melding, og viser til dei to døtrene hans.
Bortføringa hans blei overført direkte på nett.
Videoen viste at Miran og kona, Lishay Miran-Lavi, blei dregne ut av tilfluktsrommet dei hadde i huset, skriv The Jerusalem Post.
Hamas tok berre med seg Miran til Gaza, medan kona og barna blei verande igjen.
Omri Miran er heime igjen ho kona og faren.
Foto: ISRAEL DEFENSE FORCES / Reuters / NTBDet siste livsteiknet frå Miran før han blei sett fri måndag, var i ein video som blei publisert i april i år, skriv Haaretz.
Miran-Lavi har vore framståande i demonstrasjonane som har kravd at den israelske regjeringa må gjere meir for å få sett fri alle gislane.
Lishay Miran-Lavi under ein demonstrasjon for å få sett fri dei israelske gislane i august i år.
Foto: Itay Cohen / Reuters / NTBI august leia ho ein landsomfattande streik og massedemonstrasjonar der hundretusenvis av israelarar gjekk ut i gatene og kravde ein avtale.
Heile familien blei teken
David Cunio (35) vart kidnappa saman med sin kone og deira to tvillingdøtrer frå kibbutzen Nir Oz 7. oktober 2023.
Døtrene Emma og Yuli fylte nettopp fem år og ventar på å få sjå faren sin igjen, etter to år i Hamas fangenskap.
– Jentene spør kvar dag, «Når kjem pappa heim frå Gaza?». De trenger faren sin for å bli heil igjen, sa kona Sharon Aloni Cunio til Reuters.
For to år sidan angrep Hamas kibbutzen Nir Oz og kidnappa ein fjerdedel av byens befolkning. Cunios hus vart tent på, og David flykta med dottera Yuli, før de vart fanget av Hamas-soldatar i sivile klede, ifølge New York Times.
Sharon Cunio i det nedbrente huset familien vert kidnappa frå.
Foto: Maya Alleruzzo / AP / NTBFamilien vart sameina i fangenskap, men blei separert igjen da kona og døtrene vart utlevert i november 2023.
– Eg er oppslukt av ein lengsel for mannen eg elskar, for den eine eg ikkje kan leve utan. Kvar einaste dag han ikkje kjem tilbake, blir såret deira og mitt djupare.
Familien til David Cunio snakker med han og broren Ariel i en videosamtale.
Foto: Privat / XBørdrene har vært gisler av Hamas siden 7. oktober 2023.
Foto: Privat / XFamilien klemmer hverandre og venter på og bli gjenforent med David og Ariel.
Foto: Privat / X
Bilete viser at Cunio-brørne er lauslate av Hamas og er tilbake att i Israel. Snart er de sameint med familien sin.
Tvillingbrør frigitt
Ziv og Gali Berman blei kidnappa frå ein kibbutz under Hamas-angrepet 7. oktober. Begge budde og jobba i kibbutzen.
– Dei gjorde alt saman, frå barnehagen til militæret. Dei er humørspreiarane i familien. Dei har tvillingstyrken, fortalde den eldre broren Liran til Haaretz.
Alan Ohel (24), en pianist fra nord i Israel, ble tatt av Hamas da han gjemte seg i et bomberom langs bilveien da han flyktet fra musikkfestivalen Nova.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBAriel Cunio (28) ble tatt til fange av Hamas i sitt eget hjem i Nir Oz, et landlig område nær grensen til Gaza.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBDavid Cunio (35) ble bortført sammen med konen Sharon Cunio og deres tvillingdøtre Yuli og Emma, da tre år gamle. Konen og døtrene ble løslatt i 2023.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBAvinatan Or (32) ble tatt til fange på Nova-festivalen i Negev-ørkenen i Sør-Israel. Før kidnappingen jobbet Or for et stort teknologiselskap.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBBar Kupershtein ble kidnappet under Nova-festivalen, der han jobbet som sikkerhetsvakt.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBEitan Horn (38) ble tatt til fange i kibbutzen Nir Oz sør i Israel sammen med sin bror, Iar Horn. Broren ble løslatt i november.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBEitan Mor (25) ble tatt til fange under Nova-festivalen, der han jobbet som sikkerhetsvakt.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBElkana Bohbot (36) ble bortført fra Nova-festivalen, der han hadde ansvar for produksjon.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBEvyatar David (24) ble tatt til fange under Nova-festivalen.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBGali Berman (28) ble bortført fra kibbutzen Kfar Aza sør i Israel sammen med sin tvillingbror.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBZiv Berman (28) er tvillingbroren til Gali på forrige bilde.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBGuy Gilboa-Dalal (24) ble kidnappet fra musikkfestivalen Nova.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBMaxim Herkin (37) innvandret til Israel fra Ukraina og levde med familien sin i tettstedet Tirat Carmel før angrepet. Han ble kidnappet på musikkfestivalen Nova.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBMatan Zangauker (25) bodde i Nir Oz sammen med kjæresten sin Ilana Gritzewsky. De ble begge kidnappet av Hamas, men Gritzewsky ble løslatt i november 2023.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBOmri Miran (48) ble kidnappet i sitt hjem i Nahal Oz, sør i Israel. Hamas lot konen og deres to barn være igjen.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBRom Braslavski (21) jobbet som sikkerhetsvakt på musikkfestivalen Nova da han ble tatt til fange av Hamas.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBSegev Kalfon (27) ble kidnappet da han forsøkte å flykte fra musikkfestivalen Nova.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBYosef-Chaim Ohana (25) ble tatt til fange på musikkfestivalen Nova. Han jobbet som bartender i Tel Aviv før bortføringen.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBMatan Angrest (22) er en israelsk soldat som ble bortført fra tanksen sin sør i Israel.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBNimrod Cohen (20) er soldat i den israelske hæren og ble fanget nær kibbutzen Nirim.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBDet ble spekulert i om også den nepalske studenten Bipin Joshi (24) er i live. Joshi var ikke blant de 20 frigitte gislene. Joshi ankom Israel en måned før han ble kidnappet i kibbutzen Alumim.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTBHeller ikke Tamir Nimrodi (20) ble frigitt i dag. Det er ikke visst om han er i live. Nimrodi er en israelsk soldat som ble tatt til fange ved en militærbase i nærheten av grensen til Gaza.
Foto: Courtesy of Bring Them Home Now / Reuters / NTB
Dei to blei tatte saman med vennen Emily Damari, som blei frigitt i januar.
I kibbutzane i Kfar Aza blei over 60 drepne, ifylgje Jerusalem Post.
Ingen av brørne blei skadde under kidnappinga, men Damari blei skotne i handa.
I februar opplyste tanta til brørne at familien hadde fått vite at dei var i live.
Det var da første livsteikn sidan november i 2023.
Utveksling gissel og fangar
Hamas skal frigi 20 attlevande gissel. Utvekslinga skal skje innan 72 timar frå avtalen trer i kraft.
Israel skal frigi 2000 palestinske fangar.
Tilbaketrekking av styrkar
Det israelske militæret skal gradvis trekkja tilbake styrkane sine.
Fordrivne palestinarar får venda tilbake til Nord-Gaza og Gaza by.
Naudhjelp skal inn
Minst 400 lastebilar med naudhjelp skal sleppe inn i Gaza dei først fem dagane. Etter det skal naudhjelpa auka gradvis, ifølgje Hamas.
Fleire punkt gjenstår
Både den israelske regjeringa og Hamas har godkjent fredsplanen, men første del inneheld få kjende detaljar. Punkt som avvæpning av Hamas og korleis Gaza skal bli styrt, gjenstår å diskutera.
Blei haldne avskilte
I dagane etter angrepet, drog familien på fleire gravferder dagleg på jakt etter opplysningar om brørne. Over ei veke seinare fekk familien vite at brørne framleis var i live.
Tidlegare frigitte gislar har fortald at dei blei heldt fanga separat.
Trass i at brørne hadde ulike eigenskapar, var dei knytt tett saman med kjærleiken til Liverpool og hiphop.
Set fri palestinske fangar
Nesten 2000 palestinske fangar skal også settast fri frå israelske fengsel. Blant desse skal det vere 22 barn, melder BBC.
Namn og bilete på dei frigitte palestinarane er vanskelegare tilgjengeleg enn dei israelske fordi Israel ikkje vil sleppe inn journalistar til Gaza.
Måndag føremiddag gjekk dei første fangane frakta ut med bussar. I Ramallah på Vestbreidda hadde store folkemengder samla seg for å helse dei frigitte velkomne.
På ettermiddagen kom også bussane med frigitte palestinarar til byen Khan Younis sør på Gazastripa.
Forholda i dei israelske fengsla har fått kritikk blant anna frå den israelske menneskerettsorganisasjonen B'Tselem. Ifølge ein rapport organisasjonen kom med i fjor, blir palestinske fangar utsette for systematiske overgrep i fengsla.
Det israelske fengselsvesenet har tidlegare avvist desse opplysningane.
Krev at høgprofilerte personar blir sette fri
Namna på fangane som er sette fri, blei publisert av Hamas-drivne Prisoners Media Office måndag morgon.
Høgprofilerte personar som soner fleire livstidsdommar for dødelege angrep mot israelarar, som Marwan Barghouti og Ahmad Saadat, står ikkje på listene.
Hamas har kravd at også desse blir sette fri.
Israelske medium rapporterte i førre veke at rundt 100 av dei 250 blir frigitt til den okkuperte Vestbreidda, 15 til det okkuperte Aust-Jerusalem, og 135 blir deporterte til Gazastripa og andre stader.
Palestinsk mann arrestert saman med sonen
Yasser Abu Azzoum fortel Al Jazeera at han blei arrestert saman med sonen da dei oppheldt seg i ein flyktningleir i 2023.
– Eg har ikkje sett han på to år. Gleda mi i dag er mykje større enn den var den dagen eg blei sett fri, seier faren, som bor i Khan Younis på Gazastripa.
No har han fått vite at sonen Mohammed (23) blir frigitt.
I Ramallah på den okkuperte Vestbreidda ventar familiar på at palestinske fangar skal bli sette fri frå israelske fengsel.
Foto: Ammar Awad / Reuters / NTBKjensla er ubeskriveleg, seier faren.
– Eg klarer ikkje å snakke ordentleg fordi eg er overvelda av glede, seier han.
Abu Azzoum seier at kona hans fødde eit barn til mens den eldste sonen hans sat i fengsel.
– Vi skal bli gjenforeinte og vere resten av dagane våre i glede.
Publisert 13.10.2025, kl. 19.57 Oppdatert 13.10.2025, kl. 20.11