Regjeringa vil kartlegge korleis kundane opplever prisar og fordelsprogram i butikken.
Eit hovudmål med rapporten er å finne ut om bonusprogram – som Trumf og R-appen – gjer det vanskelegare å samanlikne prisar og bidreg til forvirring.
– Vi har inntrykk av at desse programma kan vere vanskelege å navigere i. For oss er det veldig sentralt at det er lett å skjøne kva ting kostar i butikken, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
Med seg har ho næringsminister, Cecilie Myrseth, som lenge har ytra frustrasjon over dei stadig stigande matprisane.
Næringsminister Cecilie Myrseth har ansvar for næringspolitikk, medan barne- og familieminister Lene Vågslid har ansvaret for forbrukarsaker.
Foto: Jørn Tveter / NRKRegjeringa har klaga på daglegvarebransjen i fire år.
Med jamne mellomrom har Myrseth og førre næringsminister, Jan Christian Vestre, lansert nye tiltak.
I tillegg har dei kalla inn bransjen til ei lang rekke møte og seminar.
Men prisane stig framleis meir enn lønene til folk.
Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling
No lyser dei ut oppdraget, der konsulentar kan søke på å lage rapporten.
– Fleire har vore kritiske til dette allereie. Treng de ei ny undersøking?
– Ja, det er svært viktig at forbrukaren får ei stemme inn i dette arbeidet, seier Myrseth.
– Rapporten vil danne eit svært viktig grunnlag for det arbeidet som næringsministeren har sett i gang. Vi er opptatt av å vere tett på, seier Vågslid.
– Eg synest sjølv ein del av dei bonusprogramma er forvirrande. Vi får alle meldingar og andre beskjedar om tilbod, seier Myrseth.
Statsminister Jonas Gahr Støre bytta næringsminister i april. Både Vestre og Myrseth har lansert ei rekke tiltak som foreløpig ser ut til å ha lite effekt på prisane.
Foto: NTB– Må ta konkrete grep
Tidlegare i år gjennomførte Forbrukarrådet ei undersøking der halvparten av kundane sa at dei er forvirra av dei ulike tilboda i matbutikkane.
– Vi synest det er bra at regjeringa undersøker dette, men vi har også ei klar forventing om at dei må ta konkrete grep. Fordelsprogramma forvirrar meir enn dei opplyser, seier Gunstein Instefjord.
Forbrukarrådet jobbar for å påverke samfunnet i ei forbrukarvenleg retning. Gunstein Instefjord er konstituert direktør.
Foto: Torbjørn Brovold / NRK– Korleis?
– Dei viser tilbod utan å vise førpris. Då blir det nesten umogleg for kundane å orientere seg på pris, seier han.
Forbrukarrådet har klaga fleire av kjedene inn til Forbrukartilsynet.
Vil ikkje stille til intervju
Dei største daglegvarekjedene i landet er Kiwi og Rema 1000. Dei vil ikkje stille til intervju om denne saka.
Vi har også spurt Norgesgruppen og Reitan Retail. Saman kontrollerer dei 67 prosent av daglegvaremarknaden.
Ingen av dei vil stille til intervju.
Men den tredje «daglegvaregiganten» Coop takka ja.
Dei styrer 29 prosent av marknaden.
– Vi tenker det er fint med ei slik undersøking. Vi har masse tilbod og kampanjar. Det er nettopp fordi vi ynskjer at kundane lett skal forstå kor mykje pengar dei sparer, seier Harald Kristiansen.
Harald Kristiansen er kommunikasjonsdirektør i Coop og mindre mediesky enn dei fleste i daglegvarebransjen.
Foto: Torbjørn Brovold / NRKHan viser gladeleg rundt i Extra-butikken på Grorud i Oslo, og trekker fram fleire døme på det han meiner er god merking.
Dei har Medlemskupp – Medlemsrabatt – 2 for 45kr – 3 for 25kr – Partivare – Italienske uker – og ei rekke andre kampanjar.
Når vi peikar på plakatar som ikkje viser førpris, så seier han at det ikkje er mogleg fordi «prisane går opp og ned frå veke til veke».
Slit med å forklare kvifor dei ikkje viser førpris på tilbod
– Er prisar og tilbod oversiktleg i Coop-butikkar?
– Vi meiner jo det. Men sjølvsagt, om denne rapporten avdekker at vi har område vi kan bli betre på, så ynskjer vi det hjarteleg velkommen, seier Kristiansen.
Publisert 05.09.2025, kl. 12.43