Norske legar har fått livsviktig utstyr i Gaza

2 hours ago 3



Nasser-sjukehuset i Khan Younis på Gazastripa er det største sjukehuset i Gaza som framleis er i drift.

Då norske helsearbeidarar frå Norwac kom fram til sjukehuset i førre veke, blei dei møtt av eit overfylt sjukehus der mangel på utstyr og medisin gjorde det vanskeleg å hjelpe pasientane.

Etter å ha stått på vent eit halvt år, er tre biler med norske hjelpesendingar no på plass ved Nasser-sykehuset på Gaza. – Veldig viktig utstyr, seier ortoped Geir Stray Andreassen som leiar det norske teamet til NRK.

I over eit halvt år har lastebilar med utstyr frå Norwac stått på vent rett over grensa til Egypt. Men søndag kom dei tre første bilane til Khan Younis.

– Det er veldig viktig utstyr, som medisinar og eingongsutstyr til operasjonssalen. Og mykje ortopedisk utstyr, som det er stort behov for, seier ortoped Geir Stray Andreassen som leiar det norske teamet til NRK.

En gaffeltruck løfter paller med nødhjelp av en lastebil

Utstyret som har kome til Khan Younis, vil kunne halde Nasser-sjukehuset i drift ei tid framover. Men foreløpig har berre tre av ti lastebilar fått krysse grensa frå Egypt.

Foto: Ahmed Abu Kmeil / NRK

Mangla grunnleggande utstyr

Helsearbeidarane kom fram i tysdag i førre veke. Det var få dagar etter at 20 menneske blei drepne, fem av dei journalistar, i to israelske angrep mot sjukehuset.

Ifølge Andreassen hadde sjukehuset eit belegg på 250 prosent då dei kom. Mange av pasientane hadde omfattande skot- og brotskadar.

– Men vi har lite utstyr for fiksere brota. Gipsen er av dårleg kvalitet, så det er eit stort problem, sa Andreassen til NRK etter at dei hadde kome fram til sjukehuset.

To menn står og snakker sammen i en gate.

Geir Stray Andreassen og det norske teamet med helsearbeidarar skal vere i Gaza i totalt tre veker.

Foto: Ahmed Abu Kmeil / NRK

Hjelpesendingane som kom søndag, vil kunne betre situasjonen noko.

– Ein del av utstyret er livsviktige medisinar. Blant anna medisinar som gjer at pasientane får betre narkose. Dette er det stort behov for.

Norske donasjonar

Utstyret som no har kome inn, gjer at legane kan operere meir og raskare fordi dei får betre utstyr å jobbe med. Men det står framleis ventar sju lastebilar med naudhjelp og utstyr på å sleppe inn på Gazastripa.

– Det er klart at det vi har no, ikkje vil vare veldig lenge. Men det er fleire trailerar på veg inn, seier Andreassen.

Paller med utstyr i pappkasser står på en lastebil. Hodene til noen av dem som ser på kan skimtes på andre siden av bilen

Hjelpesendingane kjem frå pengar som er samla inn i Noreg.

Foto: Ahmed Abu Kmeil / NRK

Hjelpa som no er frakta inn ved hjelp av WHO, kjem frå pengar som er samla inn i Noreg. Andreassen takkar for bidraga, og seier dei er avgjerande.

– Utstyret som har vi har fått no, er enormt viktig for å halde sjukehuset gåande i nokre dagar og veker til, seier han.

Interessert i meir stoff frå utanriks? Høyr redaksjonens podkast:

Publisert 14.09.2025, kl. 17.19 Oppdatert 14.09.2025, kl. 17.37

Read Entire Article