Vegen måtte stengast på dagen: – Standarden er elendig

2 hours ago 1



Plutseleg fekk Aase Fosshaug ein time lenger reiseveg til og frå jobb. Nye utrekningar viser at norske fylkesvegar kan vere i dårlegare stand enn nokon gong.

 Privat og Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune
STENGT: Vegen som Aase køyrer til jobb, blei stengt på kort varsel tidlegare i veka etter at det blei funne laust fjell. Foto: Privat og Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune

Publisert 01.09.2025 15:28

Saka oppsummert

  • Aase Fosshaug fekk ein time lengre reiseveg til jobb på grunn av ei vegstenging på kort varsel.
  • Det har i lengre tid vore snakk om å utbetre pendlarvegen hennar, men eit tunnelprosjekt har blitt dyrare enn planlagt.
  • Kostnadane for å halde fylkesvegane ved like kan nå 131 milliardar innan 2030, ifølge Naf.
  • Fleire meiner at regjeringa bør gje meir pengar til fylkesvegane.

Oppsummeringa er laga med kunstig intelligens (KI) frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av TV 2s journalistar. Les om korleis vi jobbar med KI

– Standarden er elendig. Det er humpar, asfaltsprekkar og ujamn veg.

Aase Fosshaug (61) bur i Feiring i Eidsvoll kommune. Ho jobbar i helsevesenet i Eidsvoll, og er godt kjent med fylkesveg 33 langs vestsida av Mjøsa.

– Det har ikkje blitt tatt tak i på mange år. Og så er det smal vegbreidde mange plassar, seier Fosshaug.

Fekk ein time lenger veg

Vanlegvis brukar Fosshaug i underkant av ein halvtime til arbeidsplassen. Dei siste dagane har reisa derimot blitt auka med ein time.

– Det raste ned ein stein i slutten av mai, som trefte ein bil. Vi gjer sikringstiltak langs vegen på grunn av det. På måndag jobba vi med ein fjellknaus som det viste seg at var bevegelse i, og den og meir fjell var på veg til å skli ut, seier byggeleiar Halvard Nyland i Akershus fylkeskommune.

Dermed blei fv. 33 stengt på kort varsel ved Byrud, mellom Feiring og Minnesund. Nyland håpar at vegen kan opne igjen på onsdag.

– No borar vi og tar ned fjellet i etappar. Vi måtte ha inn ein del større riggar som dekker heile vegbana, seier Nyland.

Den svarte linja på kartet viser strekninga Fosshaug køyrer til vanleg, men som no er stengt ved Byrud. Den raude linja viser omkøyringsvegen mellom Feiring og Eidsvoll.

 Datawrapper
Foto: Datawrapper

Stenginga gjer at Fosshaug, som jobbar turnus med vakter på 12,5 timar, får lengre tid i bil, og kortare tid til å sove mellom vaktene.

– Det er ikkje alltid ein klarar å sovne med ein gong heller, så då blir det at tida ruslar og går. Og då blir det soving i maks tre og ein halv time før eg må opp igjen og på dagvakt. Sånn er ikkje haldbart, seier Fosshaug.

– Eg tenker også på alle pendlarane vi har i bygda, og alle som køyrer barn til barnehagen. Det er lang pendlarveg, og så har du alle dei næringsdrivande her som blir råka, seier ho.

 Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune
VEGARBEID: Fylkeskommunen jobbar no med å reinske fjellsida der det blei funne laust fjell. Om lag 2800 køyretøy køyrer på vegen dagleg. Foto: Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune

Treng store summar

Ei ny utrekning som er gjort for NAF viser at kostnadane for å ta igjen forfallet på fylkesvegane vil auke frå 108 milliardar i dag til 119 og 131 milliardar om fem og ti år, dersom ikkje løyvingane blir auka.

– Det er eit heilt enormt beløp, og det er eit forfall som har bygd seg opp over tid. Slik det er no, klarar ikkje fylka, som har ansvaret for desse vegane, å ta inn etterslepet, seier pressesjef Ingunn Handagard.

Summen på 108 milliardar inkluderer ikkje rassikring eller utviding av vegane.

– Om ein skulle plussa skredsikring på toppen av det, så er det over 60 milliardar til for å sikre dei punkta langs fylkesvegane som har høg og middels faregrad, seier Handagard.

 Magnus Nøkland/ TV 2
ETTERSLEP: – Det er eit heilt enormt beløp, seier pressesjefen i NAF om etterslepet på vegane. Foto: Magnus Nøkland/ TV 2

I statsbudsjettet blei det gitt om lag 480 millionar kroner til samferdsel i fylka. Då budsjettet blei revidert, blei det gitt ytterlegare 250 millionar kroner til opprusting og fornying, seier Samferdselsdepartementet.

– Det er eit lite steg i riktig retning, men det må takast mykje større steg, raskare, for at ein skal få ned forfallet på fylkesvegane, seier Handagard.

– Vi meiner at det må brukast minst to milliardar meir kvart einaste år utover dagens nivå, for at ein skal kunne få ned fylkesvegforfallet år for år, legg ho til.

Opplysningsrådet for vegtrafikken (OFV) har no ei kåring der dei vil finne Noregs verste fylkesveg. Over 1500 forslag har kome inn, fortel leiar for samfunnskontakt og mobilitet, Torill Eidsheim.

Ein rapport som OFV publiserte tidlegare i år, viser at 39 prosent av fylkesvegane har dårleg dekke. Tilstanden er verst i Nordland, Vestland og Buskerud.

– Fylka har fått ei umogleg oppgåve. Midlane strekk ikkje til og det haldast så lite ved like at forfallet berre vil auke. Er det verkeleg utelukkande ei fylkeskommunal oppgåve å hente inn vedlikehaldsetterslepet? Stadig fleire strekningar blir råka, og det går utover både folk og næringsliv, sa Eidsheim i ei pressemelding.

 Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune
STENGT TIL NESTE VEKE: Byggeleiar Halvard Nyland håpar at vegen kan opnast igjen onsdag neste veke. Foto: Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune

Vil ha tunnel

Fosshaug fortel at stenginga har skapt stort engasjement i Feiring, som mellom anna har vidaregåande skule og fleire bedrifter som folk pendlar til.

Etter at vegen blei stengd, har lokale eldsjeler fått i gang båtsamband over Mjøsa, slik at pendlarar kjem seg til og frå jobb og skule. Men på lengre sikt må det kome tunnel, meiner Fosshaug.

– Eg meiner absolutt at fylket må på bana no og hjelpe kommunen vår. For vi har jo like krav på ein ordentleg veg, vi som bur i eit lite bygdesamfunn, som resten av Noreg har, seier Fosshaug.

Det har vore planlagt tunnel gjennom området som no er stengt i lang tid.

– No må det settast ein dato, for vi skal ikkje vente på at det skjer ei dødsulykke. Det var nære no i mai, og slik kan vi ikkje ha det, seier Fosshaug.

 Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune
VIL HA TUNNEL: – Vi skal ikkje vente på at det skjer ei dødsulykke, seier Fosshaug, som vil ha tunnel. Foto: Halvard Nyland / Akershus fylkeskommune

Fylkesråd for samferdsel i Akershus, Håkon Snortheim (H), forstår frustrasjonen, men seier at fylket ikkje har pengar til tunnel.

– Eg har kjempestor forståing for at det er frustrerande å bu i nærleiken av ein veg som det. Eg er einig med ho i at standarden på fylkesveg 33 er for dårleg, seier Snortheim.

For nokre år sidan blei det sett i gang eit forprosjekt, men då blei det funne alunskifer. Fjerning og handtering av alunskifer kan føre til store ekstrakostnadar.

– Tunnelprosjektet vi skulle ønske vi kunne drive i det rasutsette området, har blitt så dyrt at verken fylkeskommunen eller bilistane, i form av bompengar, kjem til å ha råd til å finansiere prosjektet, seier han.

Snortheim viser til at prosjektet vil koste om lag ein milliard kroner.

 Sveinung Kyte / TV 2
FOR DYRT: Håkon Snortheim (H) seier at fylket har for lite pengar til å ta vare på vegane. Foto: Sveinung Kyte / TV 2

Også han meiner at fylka ikkje får nok pengar til fylkesvegane. Ifølge Snortheim får Akershus 2,14 prosent av pengane som går til fylkesveg, sjølv om det er fylket med mest trafikk på vegnettet sitt.

– Vi har eit kjempeetterslep på fylkesvegnettet som vi ikkje har råd til å ta igjen på sikt, seier han.

– Vi spring rundt med brannsløkkingsapparat og prøver å lappe på dei mest alvorlege tinga på vegnettet vårt, legg han til.

Statssekretær Tom Kalsås (Ap) seier at fylkeskommunane må prioritere strekningane der behovet er størst.

– Fylkeskommunane har ansvar for sitt eige vegnett, og det er derfor fylkeskommunane sjølve som prioriterer dei vegstrekningane der behova er størst, seier Kalsås.

Slik svarer Samferdselsdepartementet:

– Vi må ta vare på det vi har. Derfor gir regjeringa meir pengar til fylkesvegane, som er viktige for samfunns- og næringsutviklinga i heile landet. Fylkeskommunane har ansvar for sitt eige vegnett, og det er derfor fylkeskommunane sjølve som prioriterer dei vegstrekningane der behova er størst. I 2023 aleine brukte fylkeskommunane 24,4 milliardar kroner til drift, vedlikehald og investering, seier statssekretær Tom Kalsås (Ap).

– I Nasjonal transportplan la vi fram ein heilskapleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet på riks- og fylkesvegane. For fylkesveg betyr det at regjeringa legg opp til auka overføringar til fylkeskommunane. I statsbudsjettet for 2025 kom det 480,5 millionar kroner meir til fylkesveg. Det gjer fylkeskommunane betre i stand til å ta vare på fylkesvegnettet. Regjeringa har styrkt fylkeskommunen sin økonomi generelt i fleire omgangar. I ein tilleggsproposisjon vart fylkeskommunane sine frie inntekter auka med 700 millionar kroner i 2024, og ytterlegare 700 millionar i 2025, seier Kalsås.

– I samband med revidert nasjonalbudsjett 2025 vart rammetilskotet til fylkeskommunane styrkt, mellom anna med 250 millionar kroner til opprusting og fornying av fylkesveg, seier Kalsås.

Read Entire Article