– Det er så fjernt frå den norske idrettsmodellen og barneidrettsreglane at det er nesten vanskeleg å kommentere det.
Det seier fagansvarleg for idrettspsykologi på Olympiatoppen, Arne Jørstad Riise. Han er kritisk til at ein 12-åring blir send til VM.
For det kinesiske vedunderbarnet Yu Zidi har vekt oppsikt med prestasjonane sine på svømmebanen. Denne våren han ho sett tider som ville halde til VM-gull og fjerdeplass i OL i fjor.
OPPSIKT: Yu Zidis tider vekker oppsikt.
Foto: AFP / NTBSupertidene til 12-åringen har komme på dei lengre og teknikkrevjande øvingane som 200 meter butterfly, og dessutan 200- og 400 meter medley.
Natt til søndag VM-debuterte ho med å ta seg vidare til semifinalane på 200 meter medley.
«Ho skuffa ikkje», skriv mellom anna den amerikanske mediegiganten ESPN, som også omtaler 12-åringen som eit vedunderbarn.
DEBUT: Yu Zidi (12) i det ho entrar den store scena og blir presentert som meisterskapsdebutant under VM i Singapore.
Foto: JOEL MARKLUND / BildbyrånNERVØS: Zidi (12) er klar for å ta sine første symjetak i eit meisterskap før ho rekk å bli tenåring.
Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP / NTBFLYG: Ingen i Yu Zidis aldersklasse har nokon gong vore i nærleiken av tidene hennar.
Foto: MANAN VATSYAYANA / AFP / NTBRAKETTFART: Det er venta at ein får sjå endå sterkare tider frå 12-åringen under meisterskapen i Singapore.
Foto: Lee Jin-man / AP
Tida i natt på 2.11,90 var litt bak bestenoteringa hennar, men dette blir også rekna som ein av dei svakare øvingane til 12-åringen.
– Ho kan risikere å bli verdsmeister, i ein alder der Noreg så vidt har starta med resultatlister. Blir ho verdsmeister kan ein sjå det som imponerande, men etter mitt skjønn er det aller mest alarmerande, seier han og legg til:
– For det strir jo veldig mot korleis vi tenker rundt idrett og utvikling av utøvarar, og etter kvart eventuelt vegen inn i toppidretten.
NRK har ikkje lykkast i å få svar frå det kinesiske svømmeforbundet.
KRITISK: Fagansvarleg for idrettspsykologi i Olympiatoppen, Arne Jørstad Riise synest ikkje noko om å bruke såpass unge utøvarar i seniorklassen.
Foto: Annika Byrde / NTBTreningsregime
Nå lever Zidi under eit strengt trenings- og kosthaldsregime, i tillegg til at ho får mental trening. Ho starta med svømming som seksåring etter å ha blitt oppdaga av ein svømmetrenar da ho plaska rundt på badeland for å kjøle seg ned.
Påstått trenar ho to timar kvar dag, og det blir minst loggført 10.000 meter svømming i løpet av ei økt, ifølge klubben hennar.
VM-klare Silje Slyngstadli (21) har fått med seg rykta om eit svømmefenomen frå aust og er spent på kva ungjenta kan få til i VM.
– Eg har aldri sett det før, så det kan bli spennande å sjå kva ho kan gjere. Og korleis ho taklar presset i eit slikt meisterskap, seier Slyngstadli til NRK.
Ho er framleis i startgropa av si eiga karriere, men blir som ein veteran å rekne når ein omtaler 12-åringen. Ho er usikker på om det er lurt å sende eit barn til eit seniormeisterskap.
– Det kan jo vere negativt med tanke på motivasjon om du ikkje ser så mykje utvikling seinare, fortset 21-åringen.
IMPONERT: Silje Slyngstadli (21) skal sjølv delta i VM på 50- og 100 meter bryst. Ho er svært imponert over tidene til Yu Zidi.
Foto: Jonas Ekströmer/TT / TT / NTBNormalt er det 14-årsgrense for å delta i konkurransar i regi av Det internasjonale vassportforbundet (World Aquatics), men med ekstraordinære prestasjonar kan yngre utøvarar delta.
Sjølv om Zidi berre går i sjetteklasse, har ikkje karrieren gått knirkefritt til nå.
Ville legge opp
Zidi var berre to sekund frå å sensasjonelt kvalifisere seg til OL i Paris i fjor, som 11-åring.
Samtidig som ho viste det unike talentet sitt, sleit ho med motivasjonen.
Før den kinesiske meisterskapen i 2024 kjente den unge jenta på det høge presset og ville ikkje halde fram med svømminga.
– Eg var veldig emosjonell på den tida og ville ikkje trene, har ho sagt ifølge kinesiske QQ News.
Men ho blei rettleidd av familien, trenarane og lagvenninnene om å fortsette treninga. For treningsdosane er store.
Det er klubben hennar, Hebei Sport som har skrive innlegget på nettstaden.
– Når det gjeld motivasjon, så tenker eg det grunn til å stille spørsmål om kva som eig motivasjonen her og kven sine ambisjonar det er snakk om, seier Riise til NRK.
UNG: Yu Zidi har trent hardt i mange år allereie. Den norske VM-svømmaren Silje Slyngstadli trur det kan påverke motivasjonen hennar når ho blir eldre.
Foto: AFPHo har trent slik i mange år, trass i si unge alder.
– Eg går på trening kvar dag etter skulen. Kvar dag er veldig travel, og eg har ikkje mykje tid, men det er også veldig givande, seier Zidi ifølge mediet.
Ikkje uvanleg
Zidis tider ligg langt føre fenomenet Summer McIntosh sine tider på same alder. Den 18 år gamle svømmestjerna sette tidlegare i sommar tre verdsrekordar under eit stemne i Canada. I fjor tok ho tre OL-gull.
– Det har ikkje vore uvanleg å sjå 14/15-åringar vinne store meisterskap tidlegare, men 12 år er så klart veldig ungt, seier Elin Austevoll.
Ho er tidlegare svømmar og har vore ekspert for NRK og Discovery i fem OL sidan år 2000. Ho meiner at det ikkje er noko sjokk at ein 12-åring kan komme seg til VM.
– Om du har god teknikk og du er lett og liten i kroppen, så kan det vere ein god kombinasjon, da, rett og slett, seier Austevoll
Zidi meiner sjølv at alderen hennar berre er ein fordel.
– Alderen min er til min fordel, eg håpar å vekse og utvikle styrken i framtida, sa Zidi til det kinesiske nyheitsbyrået Xinhua.
FEIRA: Yu Zidi på pallen under det kinesiske meisterskapen i mai, da ho sat fleire av supertidene sine.
Foto: NTBI 2008 tok svenske Sarah Sjöström EM-gull som 14-åring, og dessutan VM-gull og verdsrekord som 15-åring. Den nå gravide stjerna tok også to OL-gull så seint som i fjor og satsar vidare mot OL i 2028.
Verdsmeisterskapen blir arrangert i Singapore, og svømmeøvingane blir haldne frå 27. juli–3. august. Yu Zidi skal i aksjon allereie 27. juli i forsøket på 200 meter medley.
Er det greit å jogge i baris? 01:18
Publisert 27.07.2025, kl. 09.05