Ut mot fotball­toppar: – Ovanfrå og ned-haldning

1 month ago 40



«Vi kretsleiarar i dei 18 fotballkretsane i landet er ikkje i tvil om kva som er best for norsk fotball: VAR må vidareutviklast, ikkje avviklast.» heiter det i kronikken.

Dermed går leiarane i alle Noregs fotballkretsar kraftig ut til å forsvare VAR før spørsmålet skal avklarast på fotballtinget 1.- og 2. mars.

– Det er eit problem i norsk fotball

Ole Christian Sandvik, talsperson for Norsk supporterallianse, meiner det er langt frå overraskande at alle støttar innstillinga til NFF-styret om å behalde det kontroversielle verktøyet.

– Dette såg ein også i Qatar-saka. Kretsleiarane gjer jo ikkje sine eigne vurderingar. Dei høyrer berre på kva NFF sentralt seier, meiner Sandvik overfor NRK.

Han meiner det er grunn til å problematisere den unisone støtta.

– Det er eit problem i norsk fotball at kretsane ikkje forstår kven dei er til for. Kretsen er til for medlemsklubbane i kretsen sin. Dei er ikkje til for å vere eit talerøyr for dei som sit på Ullevaal, seier han.

Bør fotballtinget avvikle VAR nå?

Gro Langdalen, kretsleiar for NFF Akershus og Høgre-ordførar i Rælingen kommune, er blant dei som har signert kronikken.

Overfor NRK fortel Langdalen at ho i Akershus fotballkrets representerer 59 klubbar og 13.000 spelarar.

VAR er eit viktig arbeidsverktøy

Ho meiner kretsleiarane i Noreg har eit ansvar for å tenke på kva som er best for utviklinga av norsk fotball.

– Dette er viktig for toppfotballen, inkludert dommarane som er medlem i klubbar frå over heile landet, men også for heile norsk fotball. VAR er eit viktig arbeidsverktøy som vernar dommarane våre og spelet, som bidrar til rettferdige avgjerder og som må vidareutviklast som verktøy, seier ho til NRK.

Forbundsstyret har gjort ei grundig og heilskapleg vurdering, og vi kretsleiarar støttar denne vurderinga, legg ho til.

Gro Langdalen

STØTTAR VAR: Gro Langdalen i NFF Akershus.

Foto: Høyre

I Langdalens krets er det foreløpig eit stort fleirtal av klubbar som har gått ut og sagt at dei skal stemme mot VAR.

– Ei vanskeleg sak

Langdalen svarer slik på spørsmål frå NRK om kor trygg ho er på at ho har forankring for sitt «ja til VAR»-ståstad i den kretsen ho representerer.

– I kretsen min har 19 av 59 klubbar sagt dei er imot, så bildet i Akershus er kanskje litt meir samansett, men det får vi jo eventuelt vite etter kvart, seier ho.

Korleis oppfattar du sjølv at stemninga til VAR er blant klubbane du representerer som kretsleiar?

– NFF Akershus er ein av dei kretsane i landet der VAR har blitt debattert heftig, men mest frå dei som er imot. Eg har fått mange førespurnader frå dei som er for og vil vidareutvikle VAR, dei som er i tvil om kva dei meiner og dei synest dette er ei vanskeleg sak med den debatten som går føre seg i sosiale medium, seier ho.

Veldig spesielt

Sandvik i Norsk supporterallianse meiner det er påfallande at kretsane støttar NFF-styret i denne saka.

Han omtaler dei som «eit talerøyr for NFF sentralt».

– Det som er veldig spesielt, er at det er 18 kretsleiarar og ni personar i forbundsstyret i NFF, og alle dei 27 personane er heilt einige i både VAR-saka og i Qatar-spørsmålet. Men om du ser blant medlemsklubbane i norsk fotball, så har det vore mykje større meiningsmangfald. Da må ein spørje kven desse kretsleiarane representerer. Dette beviser at kretsane har ein ovanfrå og ned-haldning, seier Sandvik.

Supporter-talsperson Ole Kristian Sandvik

OPPGITT: Ole Kristian Sandvik.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Langdalen liker dårleg utspelet frå Sandvik.

– Eg synest det er trist at han meiner at vi kretsleiarane har ein ovanfrå og ned-haldning. Vi er frivillige som kvar dag bruker av vår tid for å få til eit best mogleg fotballtilbod både i topp og breidde, også for supporterane, seier ho.

– Eit fleirtal av klubbane i Norsk Toppfotball (NTF) ønsker å avvikle VAR. Det er berre toppklubbane som bruker VAR i dag. Kvifor meiner du det vil vere feil å lytte dei klubbane som faktisk bruker VAR?

– Eg meiner at ein har lytta til NTF og tilbakemeldingane deira i denne saka, dei er heller ikkje einige om for eller imot. Så er det nokon tungtvegande omsyn som ein må ta med når ein skal bestemme seg, og dei har vege tyngst for oss, svarer ho.

Langdalen meiner ein såg ei forbetring allereie hausten 2024.

– Dette er ei viktig sak for heile norsk fotball og det er viktig at avgjerda som skal takast er basert på kva som er best for utviklinga i fotballen samla sett og ikkje på bakgrunn av press frå ei avgrensa gruppe klubbar eller supporterar, meiner ho.

– Løfte fram dei positive sidene

Bjørge Kleppe, kretsleiar i NFF Buskerud, har også signert på kronikken.

Han grunngir støtta til VAR med at det er eit viktig arbeidsverktøy for å sikre rette dommaravgjerder, redusere openberre feil og dermed bidra til ein meir rettferdig fotball.

– I debatten har det vore mykje fokus på utfordringane, men vi ønsker å løfte fram dei positive sidene og behovet for vidare forbetring framfor avvikling. Vi kjenner alle på kor raskt teknologien blir utvikla, og dommarane må få bruke det beste verktøyet som avgjerdsstøtte i arbeidet sitt, seier han til NRK.

Han fortel at tilbakemeldingane frå dommarmiljøet er eintydige, at VAR har redusert hets og er sterkt ønska vidare og vidareutvikla.

– Dette er også viktig i eit lengre perspektiv om utvikling av dommarar, la draumane få leve. Derfor meinte vi det var nødvendig å komme med ei tydeleg støtteerklæring for VAR, slik at diskusjonen også inkluderer perspektivet om kvifor systemet bør vidareutviklast framfor å bli skrota. Det er i kretsane dommarane blir rettleidd og utvikla, seier han.

Alle kretsleiarane ønsker å behalde VAR og har sagt at dei ønsker å vidareutvikle VAR, men utan å komme med eit einaste konkret tiltak på korleis dei skal gjere det, meiner Sandvik.

Skandalescener i Algarve rundt – bilder fra Max 01:24

Publisert 21.02.2025, kl. 06.13

Read Entire Article