Tok KLM til retten etter at flyet blei kansellert – får erstatning

4 weeks ago 30



KLM meinte at vêrprognosane var for dårlege, men fekk ikkje medhald i Trøndelag tingrett.

 Martin Giskegjerde / TV2
SAKSØKT: KLM blei saksøkt etter at dei kansellerte ein flyavgang frå Amsterdam til Trondheim. Foto: Martin Giskegjerde / TV2

Publisert 11.03.2025 14:38

I november 2023 skulle ein person reise med flyselskapet KLM frå Bilbao i Spania til Trondheim, med mellomlanding i den nederlandske hovudstaden Amsterdam.

Første del av reisa gjekk fint, men flyet frå Amsterdam til Trondheim blei innstilt på grunn av vêrforholda. Personen måtte dermed vente til neste dag med å kome seg heile vegen til Noreg. Forseinkinga blei på nesten 13 og ein halv time.

Om dette var ei godt grunngjeve kansellering eller ikkje, var spørsmålet då selskapet Airhelp nyleg møtte KLM i retten på vegner av passasjeren.

Avviste krav om kompensasjon

Passasjeren kravde kompensasjon frå flyselskapet, men dette blei avslått. Så forsøkte Airhelp, eit tysk selskap som fremmar krav mot flyselskap på vegner av passasjerar, å få kompensasjon, men også dette blei avslått.

Etter at KLM blei frifunne i forliksrådet, blei det tatt ut stevning for tingretten.

Ifølge ei EU-forordning har passasjerar rett til kompensasjon dersom dei kjem fram dit dei skal meir enn to timar seinare enn planlagt.

Unntaket er dersom kanselleringa skuldast «ekstraordinære omstende som ikkje kunne vore unngått sjølv om alle rimelege tiltak var treft».

Dagen den aktuelle flyginga blei kansellert, var det ifølge dommen fleire hundre fly frå Schiphol som blei innstilt på grunn av stormen «Ciaran», som herja i Vest-Europa i oktober og november 2023.

 Nickelas Kok / AFP / NTB
SCHIPHOL: Stormen «Ciaran» herja i Vest-Europa i perioden flyet blei kansellert. Biletet Schiphol er frå januar i år. Foto: Nickelas Kok / AFP / NTB

– KLM anfører at en kansellering på grunn av en forventning om dårlige værforhold også utgjør ekstraordinære omstendigheter i henhold til forordningen, da KLM ikke hadde forutsetninger for å vurdere når værforholdene ville bedre seg, står det i dommen.

Airhelp hevda derimot at vinden, som den aktuelle dagen hadde ein styrke på om lag 17 knop, ikkje var sterk nok til å kansellere ei flyging.

Selskapet peikte på at anna flytrafikk til og frå Amsterdam stort sett gjekk som normalt i tidsrommet då avgangen til Trondheim eigentleg skulle ha gått.

Meinte KLM burde venta

Retten kom fram til at KLM burde sett an vêret før dei tok ei avgjerd om å kansellere flyavgangen.

I dommen blir det trekt fram at det var forseinkingar på om lag 50 prosent av flytrafikken denne kvelden, medan resten gjekk som normalt. Kun tre andre avgangar frå Schiphol blei kansellert den kvelden.

Trøndelag tingrett landa på at passasjeren hadde rett på ein kompensasjon på 400 euro, eller litt under 4700 kroner.

KLM må også betale sakskostnadar på litt under 15.000 kroner.

Read Entire Article