To personar døde etter brann i Tønsberg

1 month ago 17



Det brann i eit rekkehus måndag morgon.

 Peder Gjersøe
BRANN: Det brann i eit rekkehus i Tønsberg måndag morgon. Foto: Peder Gjersøe

Publisert 09.09.2024 09:49 Sist oppdatert nå

To personar omkom i ein brann i eit rekkehus på Eik i Tønsberg måndag morgon.

Det blei også funne tre døde hundar i bustaden.

Politiet melde om brannen like før klokka 08. Det var ei stund spreiingsfare til nabohus.

I ei oppdatering litt etter klokka 08.30 blei det opplyst at brannen ikkje hadde spreidd seg.

Klokka 09.30 opplyste politiet at brannen var sløkt. Brannvesenet held fram med ettersløkking på staden.

 Peder Gjersøe
Foto: Peder Gjersøe
Read Entire Article