14 millionar kroner i advokatrekning for ei rettssak i sju dagar.
Det svarar til løna til 28 sjukepleiarar i eitt år.
Det var prisen for dei norske advokatane som forsvarte den kroatiske forretningsmannen som slo eit verft konkurs.
No startar ankesaka i lagmannsretten – og den skal vare nesten dobbelt så lenge.
Der kan nibarnsfaren bli dømd til å betale 136 millionar kroner til konkursbuet.
Noregsrekord?
– Det er den villaste og mest absurde advokatrekninga eg har sett. Er dei seriøse? tenkte eg.
Det sa bustyrar Bjørn Åge Hamre da han fekk forsvarets advokatrekning. Den tikka inn da den kroatiske forretningsmannen vann i tingretten.
– Det må vere tett på noregsrekord, meiner han.
– Dette har ikkje vore ei komplisert sak. Det har ikkje vore så mange dokument. Og saka burde ikkje kravd 14 millionar i salær fordelt på fire advokatar, meiner bustyraren.
Til samanlikning fakturerte advokatane til motparten, konkursbuet til Kleven verft, 2,75 millionar kroner.
Også jusprofessor Geir Woxholth, bak boka «God advokatskikk», meiner 14 millionar høyrest høgt ut. Han understrekar at han ikkje kjenner til arbeidet som er lagt ned i saka.
– Må ikkje gløyme moms
Daniel Herde og Mari E. Wetlesen i Deloitte Advokatfirma sende den eine rekninga, på 1500 timar.
– 1500 timar er nesten eit årsverk. Kva har de brukt timane til?
– Vi har ingen kommentar til dette, svarar Wetlesen.
Advokatane Karl Rosén og Eivind Landmark Tandrevold hjå Arntzen de Besche sende faktura for 1200 timar.
– Synest de dette er ein høveleg pris?
Dei har ikkje svart på NRK sine spørsmål. Men advokat Rosén har tidlegare uttalt til Kystens næringsliv:
– 14 millionar var inkludert moms. Det må vi ikkje gløyme, før han la til:
– Vi har gjort eit godt og grundig arbeid, som forsvarer utgiftene. Det står mykje pengar på spel for Debeljak. Derfor synest vi ikkje vår sum er urimeleg for nokre månader med hardt arbeid, sa Rosén.
14 millionar delt på 2700 timar gir ei timeløn på 5.185 kroner.
Advokat Rosén fekk i 2023 kutta eit salær frå 33 til 20 millionar kroner, i ei heilt anna sak, da tingretten meinte kravet var for høgt.
Heller ikkje i denne rettssaka godkjente tingretten kostnadane frå advokatane, og reduserte summen frå over 14 millionar til 9,4 millionar kroner – altså blei éin tredel av advokatrekninga sletta.
Skulda for eineherredøme
I korte trekk handlar rettssaka, der anken no blir behandla i Gulating lagmannsrett, om den kroatiske eigaren Debeljak hadde lov til å slå Kleven verft på Sunnmøre konkurs berre tre månader etter at han kjøpte det.
I tingretten i 2023 blei kroaten av saksøkar skulda for å innføre «eineherredøme», for å ha stole frå kontantkassa og det blei fortalt om påståtte truslar på nattetid for å overføre 61 millionar kroner.
– At eg blei skulda for å stele noko (kontantkassa) sjokkerte meg, eg som har ni barn og er ein seriøs forretningsmann, sa Debeljak blant anna.
Og blei trudd og frikjent i tingretten.
Men altså til ein høg (advokat-)pris.
– Tar for lang tid i Noreg
Kva gjer det med rettstryggleiken vår, når eit par dagar med advokat fort kan koste ei månadsløn for vanlege folk?
Merete Smith er generalsekretær i Advokatforeningen. Ho seier at prisen er høgare for spesialisert næringsliv enn for rettssaker for folk flest.
– Altså, eg trur ikkje vanlege folk vil oppleve at det kostar 14 millionar for ei veke i tingretten. Det står fram som høgt. Det er ikkje så dyrt det skal vere for privatpersonar å gå i retten.
– Kor mykje dyrare tenkjer du at det er for spesialiserte forretningsadvokatar? Skal folk flest dele på ti, liksom?
– Det er vanskeleg å seie noko heilt generelt, men det som kallast rettshjelpssatsen er no rundt 1300 kroner i timen.
– Det er ein del som har teke til orde for makstak på timepris hos advokatar. Kva tenkjer Advokatforeningen om det?
– Det trur eg ikkje er ein god idé. Det er ingen andre næringar i landet som har maksprisar. Faren kan jo også vere at dei som no er billege vil skru opp til makspris, og det då blir dyrare for nettopp privatpersonar.
Smith fortel at Advokatforeningen og domstolane for tida jobbar mykje med å få ned talet på timar per rettssak. Da vil sjølvsagt også prisen gå betrakteleg ned.
– Norske domstolar bruker lengre tid i retten enn det dei gjer i nabolanda våre. Så her kan me ha ein del å vinne, seier Smith.
Ho understrekar også viktigheita av fri rettshjelp, som ein typisk kan få i barnevernssaker eller i spørsmål om kor barna skal bu ved skilsmisse.
– Det er viktig å ha gode ordningar som det offentlege dekker. Ordninga i dag er ikkje god nok, hevdar Merete Smith.
Publisert 13.01.2025, kl. 22.49